Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: https://pixabay.com/static/uploads/photo/2012/04/26/11/19/submit-42126__180.png

Klage

Når du klagar set du i gang ein formell prosess der skulen, fylkeskommunen eller Fylkesmannen skal sjå på problemet du tek opp. Korleis du klager avheng av kva du klagar på.  

Generelt

  • Det er nokre ting som gjeld alle klager:
  • Klagen må vere skriftleg og underskriven av deg eller nokon du har gitt fullmakt. Sett opp klaga i eit formelt brev.
  • Klagen skal sendast til skulen. Det er skulen som har ansvar for å sende klagen vidare til rette mottakar. Du kan også sende klagen direkte til den som skal motta den.
  • Klagen bør ha ei innleiing med ei kort forklaring på kva det blir klaga på.
  • Deretter bør klagen innehalde informasjon om korleis du meiner forholda er - faktainformasjon om kva som skjer/har skjedd. Ver så konkret som mogleg.
  • Så bør klagen seie noko om korleis du meiner forholda er feil.
  • Så bør klagen seie noko om kva du ønskjer av tiltak.
  • Hugs å underskrive klagen.
  • Dei du klagar til bør svare innan rimeleg tid, normalt 3 veker.
  • Dersom du ikkje får mehald i klagen, kan du som regel klage på det vedtaket (anke). Du kan ikkje alltid klage på resultatet av anken. 
  • Du du har prøvd alle klagemoglegheiter, kan du også klage til Sivilombodsmannen, eller få saka opp for rettsapparatet. 

Du kan få fleire tips og råd om klager på denne nettsida til elev- og lærlingombodet i Oslo. 

Her finn du meir om:

Klage på standpunktkarakter

Klage på eksamen

Klage på læringsmiljøet

Klage på vedtak om spesialundervisning

Kontaktpersonar

Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post