Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: Mrfylke

Oppfølgingstenesta

Er du ungdom og ikkje i opplæring eller i arbeid? Da er oppfølgingstenesta (OT) for deg!

Tenesta gjeld til og med det året du fyller 21 år. 

Mål

OT skal sørgje for at all ungdom i målgruppa får tilbod om opplæring, arbeid eller andre tiltak som gir kompetanse. Tilbodet skal føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse innanfor vidaregåande opplæring. 

Målgruppa

Målgruppa for oppfølgingstenesta er ungdom som er omfatta av den lovefesta retten til vidaregåande opplæring, og som det aktuelle skoleåret
  * ikkje har søkt eller teke imot elev- eller læreplass eller
  * avbryt slik opplæring, eller
  * ikkje er i arbeid, eller
* har tapt retten som følgje av vedtak om bortvising med heimel i opplæringslova § 3-8 eller som følgje av vedtak om heving av lærekontrakt eller lærekontrakt i samsvar med opplæringslova § 4-6.

Oppgåver
Fylkeskommunen skal gjennom oppfølgingstenesta sørgje for

a) å ha oversikt over målgruppa definert i forskrifta § 13-2, og aktuelle tilbod for målgruppa. Registrering av ungdom som høyrer til ansvarsområdet for oppfølgingstenesta, og som tenesta formidlar tilbod til, skjer gjennom heile året.

b) gi skriftleg informasjon til alle i målgruppa om kva rettar dei har. Føresette til ungdom som ikkje er myndig skal ha same informasjon med mindre denne er underlagt teieplikt etter anna lovgivning.

c) etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa med sikte på rettleiing og oppfølging.

d) gi alle i målgruppa tilbod i samsvar med § 13-1, eventuelt i samarbeid med andre aktørar.

e) etter behov følje opp ungdom som har teke imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta gjennom ei eller fleire rettleiingssamtaler.

 Pliktene gjeld så lenge ungdommen er i målgruppa for oppfølgingstenesta.

Ungdom i målgruppa som ikkje tek imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta, og som ikkje er i utdanning eller arbeid, skal kontaktast og givast tilbod kvart skoleår så lenge dei er omfatta av den lovfesta retten til vidaregåande opplæring.

Meir om OT kan du lese her. 

Kontaktpersonar

Berit Brudeseth Berit Brudeseth
Rådgivar
71 28 03 77 /
Mob. 926 55 770
Send e-post