Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

PC-ordninga

PC-ordninga

Gjeld berre elevar på Møre og Romsdal fylkeskommune sine vidaregåande skolar.

Alle elevar i vidaregåande skole må ha eigen PC.

Når du begynner på skolen kan du kan velje mellom to ordningar:

 1.      Kjøpe fylkeskommunal elev-PC

  • Lenovo ThinkPad T470 (sjå spesifikasjon).
  • Du får rekning frå Møre og Romsdal fylkeskommune ein gong i året, i tre år (til saman tre betalingar). Etter tre betalingar, er PC-en din.
  • Beløpet på kvar rekning blir det same beløpet som lånekassen betalar ut i utstyrsstipend kvart år (link til Lånekassen).
  • Service, vedlikehald og forsikring for tre år er inkludert.
  • Forsikringsordninga dekkjer mellom anna byte av skjerm eller harddisk. Den kan også gi rett til lånemaskin ved reparasjonar.
  • Forsikringa dekkjer ikkje tap av maskina (for eksempel tjuveri).
  • Meir informasjon om ordninga og korleis du legg inn ei bestilling får du på skolen din ved skolestart.

 2.      Få PC-stipend frå fylkeskommunen

  • Du får eit «PC-stipend» frå Møre og Romsdal fylkeskommune på kr 2500. Utbetalinga er i slutten av september og dette er eit eingongsbeløp.  ​
  • Når du tek imot PC-stipend må du sjølv sørge for å ha ei datamaskin som har minst like god kapasitet som fylkes-PCen. Les viktig tilleggsinformasjon under. Du står ellers fritt til å velje kva datamaskin du ønskjer, men den må vare klar til skolestart. ​
  • Du må sjølv dekkje service, vedlikehald og eventuell forsikring. Vi tilrår at du har ein serviceavtale som dekkjer lånemaskin, slik at du heile tida har tilgang til datamaskin.
  • Du vil få gratis tilgang til alt du treng av programvare på skolen (blant anna Office 365).

Viktig tilleggsinformasjon
Ulike utdanningsprogram bruker ulik programvare. Det er lurt å vurdere valet av datamaskin mot programvaren som du skal bruke.

Fylkeskommunal elev-PC Lenovo ThinkPad T470
Denne maskina er av god kvalitet og vil passe til dei fleste utdanningsprogramma.

 

Lenovo ThinkPad T470

                      

CPU: Intel Core i3-7100U Processor (3MB Cache, 2.4GHz)

RAM: 4GB DDR4-2133 SODIMM
HDD: 128 GB Solid State Drive, SATA3
Skjerm: 14.0 HD(1366x768) TN Non-Touch
Vekt: 1,8Kg (2Kg med ladar)
OS: Windows 10 Home 64

Produktark

Dersom eleven sluttar i vidaregåande opplæring driven av Møre og Romsdal fylkeskommune før alle eigendeler er betalt, skal utstyret leverast tilbake. Innleverte maskiner må vere utan skade, jamfør punkt 2 i PC- avtalen. Fristen for å levere tilbake PC-en er 14. september. Vert maskina levert tilbake etter denne datoen må første eigendel betalast. Eleven kan behalde utstyret dersom ho/han betalar inn attståande eigendel.

Utdanningsprogram som krev meir yting
Nokre skolar tilbyr eigne ordningar for datamaskin (for eksempel Medier og kommunikasjon). Du får meir informasjon ved skolestart.

Forsikring, garanti og service/support

Fylkes-PC: Avtalen/kontrakta er i korte trekk slik:

  • Service, vedlikehald og forsikring for tre år er inkludert.
  • Forsikringsordninga dekkjer mellom anna bytte av skjerm eller harddisk. Den gir også rett til lånemaskin ved reparasjonar.
  • Forsikringa dekkjer ikkje tap av maskina (for eksempel tjuveri).

Eigen PC: Eleven må sjølv dekkje service, vedlikehald og eventuell forsikring. Vi rår elevane til å skaffe seg ein serviceavtale som dekkjer lånemaskin, slik at dei heile tida har tilgang til datamaskin.

Elev-PC for vaksne
Vaksne som startar opplæring må ha bærbar datamaskin. Har du ikkje nytta deg av PC-ordninga før, kan du velje mellom å kjøpe fylkeskommunal elev-PC eller å få PC-stipend og stille med eigen PC. Tilbodet kan berre nyttast ein gong og gjeld berre vaksne som har fått plass og takka ja til våre tilbod om opplæring for vaksne.

Bestilling
Du vil få meir informasjon om ordninga og korleis du legg inn ei bestilling på skolen din ved skolestart.

PC-avtale/kontrakt
I samband med kjøpet må eleven/føresette signere ei kjøpsavtale. Er eleven under 18 år må den signerast av ein føresatt. Print ut avtalen, få den signert og ta den med på skolen. Avtalen finn du her.  

Fristar for bestilling:

   
PC eller PC-stipend: 1 veke(frå første skoledag)
Endre bestilling: 2 veker etter fristen for bestilling har gått ut   (dvs. 3 veker etter skolestart).
Etterbestilling: Det vert mogleg å etterbestille PC-ar så langt   lageret rekk, men innan 14.september. Etter dette får elevane utbetalt  PC-stipend.
Angrefrist: Dei elevane som har valgt fylkes-PC kan endre   valget sitt til PC-stipend. Fristen for dette er 14. september. Etter denne   fristen mistar eleven retten sin og må betale første avdrag eller kjøpe ut   PC-en, jamfør punkt 3 i PC-avtalen.
Utbetaling av PC-stipend: I slutten av september.

Miste retten
Dersom du sluttar i vidaregåande opplæring vil du miste retten din til PC-ordninga (elev-PC/PC-stipend).

Service og support for fylkeskommunal elev-PC
Kontakt IT-avdelinga på skolen din.

Utstyrsstipend frå Lånekassa
Du kan søkje om stipend til utstyr hos Lånekassa. Meir informasjon om dette finn du på www.lanekassen.no
Dette gjeld alle.

Kontaktpersonar

Sara Hammerø Moen Sara Hammerø Moen
Rådgivar
71 28 04 14
Send e-post

Brosjyre om PC-ordninga