Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: Pixabay

PPT

Her finn du informasjon om den pedagogisk psykologiske tenesta (PPT) i Møre og Romsdal.

Kva er PPT?

PPT er ei lovpålagt teneste som gir tilbod om pedagogisk-psykologisk rådgiving. 

Kven kan få hjelp av PPT?

Alle elevar, lærlingar og lærekandidatar (eventuelt saman med føresette) som er i vidaregåande opplæring kan be om hjelp. 

Kva kan PPT hjelpe med?

PPT kan gi råd om tiltak som kan fremje læringa til den enkelte elev eller lærling/lærekandidat. PPT kan vere knytt til fagvanskar og til personlege eller sosiale problem Dersom det skal søkjast om spesialundervisning er PPT sakkunnig instans. PPT tilviser vidare og samarbeider om nødvendig med andre instansar som psykiatriske poliklinikkar, NAV, helsestasjonar osv. Dei som arbeider i PPT har teieplikt. Dei tilsette i PPT er pedagogar og psykologar og har kunnskap om den vidaregåande opplæringa. 

Kostar det å få hjelp frå PPT?

Tenester frå PPT er gratis. 

Kvar finn eg PPT for vidaregåande opplæring?

PPT har kontaktpersonar ved alle dei vidaregåande skulane. Kontaktlærarar/rådgjevarar kan syte for å opprette kontakt med PPT. Elevar, lærlingar/lærekandidatar kan også ta direkte kontakt med aktuelt PPT kontor, sjå lenke til adresseliste.  

Dersom det blir aktuelt med tilvising til PPT skal dette skje på eige skjema. 

Vil du vite meir om PPT i Møre og Romsdal kan du sjå her. 

Kontaktpersonar

Jorunn Dahle Jorunn Dahle
Rådgivar/PPT-koordinator
71 28 03 79 /
Mob. 926 44 878
Send e-post