Læreplaner omsett til engelsk - curricula in English
Utdanningsdirektoratet har omsett læreplaner i yrkesfag til engelsk.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Fagopplæring > Lærling / lærekandidat
Ein lærling har fullført teoretisk opplæring i vidaregåande skule og inngår lærekontrakt med ei bedrift. Normalløpet er 2 år i skule og 2 år i bedrift. Etter desse 2 åra med opplæring i bedrift går lærlingen opp til fag- eller sveineprøve.
Lærekandidaten får ein opplæringskontrakt og tilrettelagt opplæring i bedrift. Dei fleste lærekandidatar har hatt ein individuell plan (IOP) for den opplæringa dei har hatt i grunnskule/vidaregåande skule.
Ein lærekandidat har som mål med læretida å nå delar av læreplanmåla for faget, og kunne meistre arbeidsoppgåver i ei bedrift der kravet ikkje er fagbrev/sveinebrev. Ein del lærekandidatar får seinare fullverdig fag- eller sveinebrev gjennom praksiskandidatordninga.
Utdanningsdirektoratet har omsett læreplaner i yrkesfag til engelsk.
Lærlingundersøkinga er ei nettbasert teneste der lærlingar gjennom eit elektronisk spørreskjema kan seie meininga si om opplæringa og andre forhold som er viktige for trivsel og læring. Du hugsar kanskje Elevundersøkinga frå di tid i skulen?
Til deg som går VG2 yrkesfag og lurer på om du no skal søke på lærlingplass eller søke påbygging til generell studiekompetanse!
Veit du at du har rett til VG3 påbygging til generell studiekompetanse etter at du har tatt fagbrevet?