Praksiskandidat
Gjennom praksiskandidatordninga har dei som alt har lang praksis i eit fag, høve til å få dokumentert fagkunnskapane sine gjennom å avlegge fag- eller sveineprøve. Før ein kan gå opp til den praktiske prøva, må ein dokumentere både tilstrekkeleg praksis i faget samt bestå ein eigen teorieksamen.
Den 9. juni 1998 gjorde Odelstinget vedtak om ny opplæringslov. Opplæringslova erstattar Grunnskolelova, Lov om vidaregåande opplæring og Lov om fagopplæring i arbeidslivet. §20 i Lov om fagopplæring vart frå 1. august 1999 erstatta med § 3-5 i Opplæringslova.
Teorieksamen
Før praksiskandidatar melder seg opp til fag- eller sveineprøve, skal dei ha bestått ein eigen eksamen etter nærare føresegner frå Utdanningsdirektoratet. Eksamen skal prøve i kva grad den einskilde praksiskandidat har nådd kompetansemåla som er fastsette i den læreplana for opplæring i bedrift som kandidaten tek sikte på å ta fag- eller sveineprøve i. Jfr. Forskrift til Opplæringslova sin § 3–55.
Eksamensoppgåver blir utarbeidd sentralt. Eksamen kan haldast inntil 2. gonger i året og tidspunkt for eksamen blir fastsett sentralt. Frigitte eksamensoppgåver finn du på udir.no
Teorieksamen vert arrangert av vidaregåande skolar i fylket. Frist for oppmelding til teorieksamen blir kunngjort i dagspressa. Oppmeldinga skal skje på privatistweb.no
Ta kontakt med utdanningsavdelinga, tlf. 71 25 87 80 for nærare informasjon.
Vi ber om at du kjem attende med oppmelding til praktisk del av fag-/sveineprøve når tverrfagleg eksamen er bestått.
Oppmelding til praktisk prøve
Etter at tverrfagleg eksamen er bestått, kan praksiskandidatar melde seg opp til praktisk prøve når 60 månaders allsidig praksis (som gjeld for dei fleste fag) kan dokumenterast. Det er yrkesopplæringsnemnda v/utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal som skal godkjenne om praksiskandidaten har allsidig og lang nok praksis i høve læreplana i det aktuelle faget. Dersom tidlegare skolegang dekkjer krava til teoretisk del av fag-/sveineprøve, kan kandidaten sende oppmelding direkte til utdanningsavdelinga.
For oppmelding til første gongs praktisk del av fag-/sveineprøva er avgifta for tida kr 775. For andre gongs og påfølgjande prøver kr 1549.
For kvar gong ein skal opp til prøva må det sendast inn ny oppmelding.
Kvittering for innbetalt gebyr må leggjast ved oppmeldinga til den praktiske delen av fag-/ sveineprøva
Vaksenopplæringsreformen
Etter kompetansereforma har alle over 25 år som ikkje har gjennomført vidaregåande opplæring tidlegare, rett til slik opplæring finansiert av det offentlege fram til fag-/sveineprøve eller studiekompetanse. Desse kandidatane skal ikkje betale gebyr for vurdering av kompetanse og heller ikkje betale eksamensgebyr for teoretisk eller praktisk prøve. For å få eit slikt fritak må ein dokumentere at ein har rett. Dette kan ein gjere ved å ta kontakt med næraste vidaregåande skole eller ressurssenter. Dei som tidlegare har teke ut retten sin må betale eit gebyr på kr 775. Dette gebyret dekkjer også første gongs oppmelding til den praktiske delen av fag-/sveineprøva.