Læreplaner omsett til engelsk - curricula in English
Utdanningsdirektoratet har omsett læreplaner i yrkesfag til engelsk.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Fagopplæring > Prøvenemnder
Møre og Romsdal fylkeskommune, Utdanningsavdelinga har med heimel i Opplæringslova § 4-8 oppnemnd nye prøvenemnder for perioden 01.01.2012 – 31.12.2015.
Opplæringslova regulerer rettar og plikter til prøvenemndene. Jf. opplæringslova § 12-7:
“Den som blir oppnemnd eller vald som medlem av organet for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa, av faglege råd, av prøvenemnder eller klagenemnder, er pliktig til å ta imot vervet. Medlemmer kan likevel krevje seg fritekne for ny oppnemning i like lang tid som dei har gjort samanhengande teneste. Den som har fylt seksti år, kan krevje seg friteken.”
Prøvenemndene sit i eit offentleg verv og har eit viktig ansvar i fag- og yrkesopplæringa gjennom å kvalitetssikre den avsluttande fag-/sveine-/kompetanseprøva. Eit medlem av prøvenemnda skal sette seg godt inn i læreplanar og retningsliner for faget. Nemnda er eit forvaltningsorgan med krav til habilitet og teieplikt etter Forvaltningslova.
Utdanningsdirektoratet har omsett læreplaner i yrkesfag til engelsk.
Her er presentasjonane som vart brukte i samband med prøvenemndskoleringa i februar.