Inntak

Informasjon om svar på inntak til vidaregåande opplæring skoleåret 2010/11

Svar på inntak til vidaregåande opplæring vil vere klart 9. juli, og svarfristen er 16. juli. Svar på tilbod skal gjevast på vigo.no og søkjarane må bruke sitt personlege passord eller PIN-kodar til MinID for å gå inn og svare.

Dersom ein har mista sine PIN-kodar til MinID må ein kontakte Skatteetaten . Ein må huske at PIN-kodar til MinID blir sendt til den folkeregistrerte adressa, og det kan ta nokre dagar før ein får desse i posten.

Dersom ein har gløymd passordet sitt kan ein prøve å få nytt via vigo.no , og dersom dette ikkje går må ein kontakte MinID .

Dersom ein ikkje går inn og svarar på tilbod om skoleplass eller ventelisteplass innan fristen 16. juli mister ein tilbodet og har ikkje krav på å få eit nytt.

Utdanningsavdelinga vil sende ut SMS med påminning om at inntaket er gjort til dei søkjarane som har lagt inn sitt mobilnummer på søknaden på sin, men søkjaren treng ikkje å få ei slik påminning for å gå inn og svare på tilbod. Inntaket vil vere synleg på vigo.no frå og med 9. juli. Søkjarar som ikkje har lagt inn mobilnummer på søknaden sin vil som før få svar med svarslipp i posten. Dei kan enten sende oss svarslippen per post, eller gå inn på vigo.no for å svare.

Søkjarane kan allereie no gå inn på vigo.no og legge inn førehandssvar dersom dei veit at dei er bortreist på ferie og ikkje vil ha tilgang på Internett når svaret om inntak kjem. Dersom ein legg inn førehandssvar treng ein ikkje svare innan svarfristen, men kan gå inn og sjå kvar ein har fått tilbod om plass, samt  dato og tidspunkt for oppmøte ved skolen når ein kjem heim att frå ferie.


Alle får plass før skolestart

Nokre fleire står utan tilbod på vg2  enn i fjor, men situasjonen er betre for vg3. Det syner tal etter første opptak ved vidaregåande skolar i Møre og Romsdal.

Les meir

Informasjon om søknad til vidaregåande opplæring skoleåret 2010/11

Her finn du informasjon om korleis inntaket til vidaregåande opplæring er organisert.

Les meir

Oversikt over skoletilbod 2010/11

Hefte med oversikt over skoletilboda kan lastast ned her.

Les meir

Nyttig informasjon vedr. inntak til vidaregåande skole

Når du får melding om skoleplass må du svare innan fristen, elles vil du miste plassen eller venteplassen. Dersom du meiner at søknaden din ikkje er behandla i samsvar med retningslinjene i inntaksforskrifta, kan du klage. Sjå meir nedanfor.

Les meir

Søkjarstatistikk til vidaregåande opplæring 2010

Søkjarstatistikken til vidaregåande opplæring 2010 er no klar...

Les meir

Kontaktinfo

Møre og Romsdal fylkeskommune
Inntak og formidling,
Fylkeshuset, 6404 Molde
I nntak har telefontid fra kl 10:00 - 13:00 (mån.-fre.)
Telefon 71 25 87 75
Telefax 71 25 87 99
E-post: inntak@mrfylke.no

Snarvegar