Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Formidling av læreplass

Kva er formidling?

Formidling til læreplass blir gjort frå 1. mars til 1. november. Søknadsfristen for formidling til lærekontrakt med unntak frå opplæringsordninga eller opplæringskontrakt er 1. februar, og formidling til ordinær læreplass er 1. mars. Du søkjer om formidling til læreplass på www.vigo.no

Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune formidlar søkjarar til alle godkjende lærebedrifter i fylket. Det vil seie at vi sender ut lister over dei som søkjer læreplass til bedriftene, og det er bedriftene som tek avgjerd om kven dei vil ta inn som lærlingar. I tillegg ber vi alle som søkjer opplæring i bedrift om sjølve å vere aktive i marknadsføring av seg sjølv ovanfor aktuelle lærebedrifter. Send skriftleg søknad om læreplass direkte til bedrifta, eller møt opp personleg hos bedrifta for å vise at du er interessert i ein læreplass. Ingen er garantert å få ein læreplass, eller har krav på opplæring i ei spesiell bedrift. Dersom du har rett til vidaregåande opplæring skal du få tilbod om opplæring i skole dersom du har søkt om formidling via www.vigo.no og ikkje har greidd å skaffe deg læreplass sjølv eller gjennom formidlinga.

Kven blir formidla?
  • Søkjarar som avsluttar eit Vg2 innanfor yrkesfag, og som har søkt om opplæring i bedrift som sitt første ønske via www.vigo.no
  • Søkjarar som avsluttar eit Vg1, og som søkjer eit særløpsfag som første ønske (f.eks feiarfaget).
  • Søkjarar som avsluttar Vg3 i avviksfag der det er 3 år vidaregåande opplæring i skole og søkjer opplæring i bedrift f.eks i faga automatisering, dataelektronikar eller anleggsmaskinførarfaget som første ønske.

Søkjarar som ikkje blir formidla:

  • Søkjarar som per 1. mars er folkeregistrert i eit anna fylke enn det fylket dei søkjer om formidling i. Søknad om læreplass skal gjerast til heimfylket.
  • Søkjarar som har anna opplæring i skole enn den som kvalifiserer til lærefaget ein søkjer.
  • Søkjarar som har mange stryk i fag frå det Vg1 eller Vg2 som kvalifiserer til lærefaget dei søkjer.
  • Dei som har lærefag som eit lågare ønske.

Søkjarar som ikkje blir formidla til godkjende lærebedrifter via Møre og Romsdal fylkeskommune kan sjølv teikne lærekontrakt med godkjende bedrifter. Det er bedrifta sjølv som bestemmer kven dei vil ta inn som lærlingar. Ta difor direkte kontakt med aktuelle bedrifter dersom du fell utanfor formidlinga via fylkeskommunen.

Kva legg bedriftene vekt på når dei skal ta inn lærlingar?

Bedriftene får via formidlinga oversikt over søkjarane med karakterar og fråver. Dei fleste bedriftene vil synes det er positivt dersom du skriv ein søknad eller tek kontakt på anna vis. Du finn oversikt over godkjende lærebedrifter på Møre og Romsdal fylkeskommune si heimeside www.mrfylke.no. Du kan også ta kontakt med lærebedrifter som ikkje er godkjende, men som kanskje ønskjer å bli det. I enkelte fag er det kanskje lettare å kontakte bedrifter utanfor eige fylke. Det er bedriftene sjølve som bestemmer kven dei skal ta inn som lærling, men du kan ikkje søkje om formidling via fylkeskommunane i andre fylker enn der du er folkeregistert.

Elles legg bedriftene særleg vekt på:

  • Lite fråver
  • Interesse for faget
  • Karakterar – spesielt i programfaga
  • God orden

Dersom du vel å takke nei til tilbod om læreplass har du ikkje krav på tilbod om ny læreplass eller skoleplass for det aktuelle skoleåret.

Ofte kallar bedrifter aktuelle kandidatar inn til intervju. Slik kan du førebu deg til jobbintervjuet:

  • Skaff deg informasjon om bedrifta på førehand. Då blir det lettare å stille spørsmål om bedrifta og arbeidet. På denne måten viser du interesse for bedrifta og arbeidet dei gjer.
  • Førebu nokre spørsmål som viser at du er interessert
  • Tenk gjennom kva du vil svare på spørsmål om kvifor du valte denne bedrifta, og kvifor du valte dette lærefaget.
  • Tenk gjennom dine positive og negative sider. Det blir ofte spurd om dette i eit intervju. Det er viktig å ha eit realistisk sjølvbilde, og ikkje prøve å vere ein annan enn du er.
  • Førsteinntrykket er viktig. Eit fast handtrykk og blikk-kontakt kan virke positivt.
  • Rollespel kan vere nyttig. La ein du kjenner intervjue deg slik at du får trening i å svare på spørsmål om deg sjølv. Eller stå framom spegelen og intervju deg sjølv.
  • Viktigast av alt: Vis at du har lyst på jobben!!
Kva er lærekontrakt med unntak frå opplæringsordninga og opplæringskontrakt?

Lærekontrakt med unntak frå opplæringsordninga kan søkjast av dei som har behov for ekstra tilrettelegging i forhold til teoriopplæringa. Også dei som er i gang med ordinær opplæring, kan søkje om lærekontrakt med unntak frå opplæringsordninga. Det vil i kvart einskild høve bli vurdert korleis ein skal tilrette leggje teoriopplæringa når det gjeld fellesfaga og programfaga.

Elevar som tar sikte på kompetanse på eit lågare nivå kan teikne ein opplæringskontrakt. Departementet har opna for kompetanse på lågare nivå enn fag-/sveineprøve. Jf. Opplæringslova § 3-3, 1. ledd:

Den vidaregåande opplæringa skal føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller kompetanse på lågare nivå.

Dei som teiknar ein opplæringskontrakt vert kalla lærekandidatar og kan teikne ein opplæringskontrakt med ei bedrift på same måte som ein lærling. Utifrå dei fastsette måla for opplæringa skal det ved slutten av opplæringsløpet utarbeidast ei kompetanseprøve. Ein opplæringskontrakt kan endrast til lærekontrakt i løpet av opplæringstida dersom det viser seg at lærekandidaten kan greie full kompetanse innafor faget. På same måte kan ein lærekontrakt gjerast om til ein opplæringskontrakt dersom det syner seg at full kompetanse ikkje vert nådd i løpet av læretida.

Skilnaden på lærekontrakt med unntak frå opplæringsordninga og opplæringskontrakt er:

  • Lærekontrakt med unntak frå opplæringsordninga => lærling => full kompetanse => fag-/sveinebrev
  • Opplæringskontrakt => lærekandidat => kompetanse på lågare nivå => kompetansebevis

Kontaktpersonar

Venke Sandvik
Konsulent
Tlf. 71 25 80 87 / Mob. 469 13 606
Send e-post