Nyttig informasjon om inntak til vidaregåande skole
Når du får melding om skoleplass må du svare innan fristen, elles vil du miste plassen eller venteplassen. Dersom du meiner at søknaden din ikkje er behandla i samsvar med retningslinjene i inntaksforskrifta, kan du klage. Sjå meir nedanfor.
Svar på sms - eller brev (ikkje oppgitt mobilnr)
Har du lagt inn mobilnummer i søknaden din på Vigo.no vil du få ein sms med med ei påminnimg, når inntaket til vidaregåande skolar i Møre og Romsdal er ferdig. Har du ikkje lagt inn mobilnummer, får du eit brev med desse opplysningane til den adressen du er folkeregistrert på.
Du må svare på om du tek imot tilbod om plass eller ikkje, og om du eventuelt vil stå på venteliste til høgare skole-/kursønske. Dersom du ikkje har fått tilbod om plass, må du takke ja til å stå på venteliste til alle ønska dine.
Svarfristar
ca 8. juli - melding om 1. gongs inntak - svarfrist: 15. juli
ca 6. august - melding om 2. gongs inntak - svarfrist: 9. august
Dersom du ikkje held svarfristen blir søknaden din sett i passiv, og du mister eventuelt tilbod om plass eller ventelisteplass.
Les meir om Korleis svarar du? på Vilbli.no
Atterhald til melding om plass
Elevplass kan trekkjast tilbake dersom det har skjedd saksbehandlingsfeil ved Inntakskontoret, eller du sjølv har ført opp kurs som du ikkje er kvalifisert til å søkje.
Klageadgang
Dersom du meiner at søknaden din ikkje er behandla i samsvar med retningslinjene i inntaksforskrifta, kan du innan tre veker etter at inntaksresultatet er kjent ca 8. juli, klage skriftleg over avgjerda.
Vi vil rå til at du tek kontakt med Inntakskontoret før klage blir innsendt. Eventuell klage må grunngjevast nøye. Merk at du i utgongspunktet ikkje har formell klagerett dersom du har for lite poeng til å kome inn på ein bestemt skole eller kurs.
Les meir om Klage på vedtak om inntak på Vilbli.no
Ventelisteplassering
Vi gjer merksame på at opplyst ventelisteplassering kan bli endra til høgare nummer ved ein seinare inntaksomgang. Hovudgrunnane til at dette kan skje, er som oftast at søkjarar har fått medhald i klagebehandling av karakterar, søkjarar har flytta til Møre og Romsdal saman med føresette i inntaksperioden, eller feilbehandling ved Inntakskontoret.
Venteliste på skolen
Dersom du kjem inn på ditt 1. ønskje og vil bytte til eit lågare ønskje, er dette ikkje mogleg no. Du må takke ja til den plassen du har fått, om du ikkje vil risikere å stå utan skoleplass til hausten. I tillegg kan du be om å få stå på venteliste på skolen - til eit bestemt tilbod. Du blir då rangert etter dei som står på ordinær venteliste i inntaket.
Dersom du står utan skoleplass eller ønskjer å stå på venteliste til eit bestemt tilbod på ein skole, må du ta kontakt med skolen etter 8. juli og be om å bli sett på venteliste på skolen til dette tilbodet. Du vil då stå på venteliste til etter skolestart, dersom det skulle bli ledige plassar etter at dei ordinære ventelistene er tomme. Det er ein føresetnad at du er kvalifisert til det tilbodet du står på venteliste til.
Merk at Inntakskontoret gjer ingen endringar på søknadane etter at 1. inntaket er kjørt.
Skolestart
Alle vidaregåande skolar i Møre og Romsdal tek til 18. august, men frammøtetid kan variere frå skole til skole og på dei forskjellige tilboda - også på same skole.
Tilbodet om elevplass gjeld berre for den dagen skolen startar. Dersom du ikkje møter fram til 1. skoledag blir du stroken som elev, og du kan ikkje seinare krevje å få tilbake plassen.
Har du gyldig fråværsgrunn (sjukdom eller annan sosial grunn, dokumentert av offentleg instans) må du varsle skolen seinast første skoledag. Gyldig fråværsgrunn må gjevast til skolen over telefon, og dokumentasjon må takast med første frammøtedag. Utan dokumentasjon kan du ikkje rekne med å få behalde tildelt plass.
Du kan ikkje rekne med å få fri til feriereiser ved skolestart. Det er den einskilde skole som i kvart høve vurderer evt. fri frå skolen ved skolestart. Kriteria for å få fri er strenge. Utan skriftleg godkjenning frå skolen vil du miste tildelt skoleplass dersom du likevel reiser.
Om du har spørsmål til Inntaket
- send e-post til inntak@mrfylke.no
- eller ring 71 25 87 75 (10-13) måndag - fredag
Oppdatert: 06.07.11