Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Inntak > NYHEITER inntak (skult mappe) > Søknad til skole- eller læreplass 2012/2013?

Søknad til skole- eller læreplass 2012/2013?

Frå 5. januar 2012 er det mogleg å søkje skoleplass på vigo.no. I mellomtida kan du jo ta ein titt i heftet med tilboda for neste skoleår.

Tilbodsheftet blir sendt ut til ungdomsskolane og dei vidaregåande skolane i fylket, etter nyttår. Då vil også tilboda vere tilgjengeleg på vilbli.no. Der finn du og meir informasjon om søkinga og dei forskjellige tilboda, og nyttige lenker til skolane mellom anna.Det er fleire spesielle tilbod i år også, og du finn ein liten smakebit om desse i heftet. Du vil finne meir informasjon på skolane sine heimesider og på vilbli.no.

Vi håper at du finn eit tilbod som du ønskjer å søkje.

Du finn meir informasjon på sidene under Inntak (menyen til venstre) og på Møre og Romsdal sine sider på vilbli.no.

Tilbodshefte - justert med endringar

Vi har lagt inn endringar i eit hefte under: Inntak - Tilbodskatalog - MinID mm
Der vil vi prøve å ha ein oversikt over dei endringane som skjer før 1. mars. Tilboda som ligg på Vigo.no vil alltid vere oppdatert.