Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Inntak > Ofte stilte spørsmål om formidling av læreplassar

Ofte stilte spørsmål om formidling av læreplassar

Kva får eg i lønn?
Lønna di er på same måte som for andre arbeidstakarar, fastsett i avtalar mellom partane i arbeidslivet. Dersom lærebedrifta du blir tilsett i har tariffavtalar innanfor bransjen, har du som lærling rett til tariff-festa lærlinglønn. Dersom bedrifta ikkje har tariffavtale blir de einige om lønn. Det skal skrivast ei eiga arbeidsavtale etter reglane i arbeidsmiljølova.

Kva er lærekontrakt?
Alle som vil bli lærling må skrive under ein lærekontrakt saman med bedrifta. Læreforholdet er ikkje gyldig før lærekontrakten er godkjend av fylkeskommunen. Dette skal normalt gjerast innan ein månad etter at du har starta i læreforholdet. Når kontrakten er godkjend får lærlingen og lærebedrifta tilsend eitt eksemplar kvar. Lærebedrifta forpliktar seg via lærekontrakten å gi opplæring etter læreplanen i faget.

Kva skjer dersom eg ikkje får tilbod om læreplass?
Søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring og som ikkje får tilbod om læreplass, vil få tilbod frå fylkeskommunen om sluttopplæring i skole. Dei som ikkje har fått tilbod om læreplass innan midten av september vil få eit brev frå fylkeskommunen der dei må svare på om dei er interessert i tilbod om opplæring i skole. Tilbod om opplæring i skole kan bli gjeve i eit anna fylke. Svarer du nei, eller ikkje svarer på at du er interessert i eit slikt tilbod, har du ikkje rett til å bli formidla til anna læreplass eller få ein skoleplass dette skoleåret.

Eg har søkt læreplass men ikkje fått svar. Kva gjer eg?
Karakterane dine og oversikt over fråver blir sendt til godkjende lærebedrifter i starten av april. Du får brev om kva for bedrifter du er formidla til. Ta sjølv kontakt med bedriftene du er formidla til, og også andre bedrifter du kan tenke deg å vere lærling.

Korleis aukar eg mine muligheiter til å få læreplass?
Ta kontakt med aktuelle bedrifter. Tren på jobbintervju. Husk at det er bedriftene som bestemmer kven dei vil ta inn som lærlingar.

Kvar finn eg oversikt over godkjende lærebedrifter?
Du finn oversikt på www.mrfylke.no over dei godkjende lærebedriftene. Du kan også ta kontakt med bedrifter som ikkje er godkjende og spør om dei kan ta inn lærlingar. Fylkeskommunen kan godkjenne bedrifter som ikkje er godkjende. I enkelte fag kan det vere lettare å få læreplass i eit anna fylke. Ta kontakt direkte med lærebedrifter du kan tenke deg i eit anna fylke. Dei fleste fylkeskommunane har lagt ut oversikt over godkjende bedrifter på si heimeside. Bedriftene bestemmer sjølve kven dei vil ta inn som lærling, også ungdom som kjem frå andre fylker.

Kan eg bli lærling sjølv om eg har stryk i nokre fag?
Dersom ei bedrift er interessert i å gi deg læreplass kan du bli lærling sjølv om du har stryk i nokre fag. Bedrifta må då lage ei plan i samarbeid med deg om korleis du skal ta opp att faga du manglar i løpet av læretida. Normalt får ein ikkje gå opp til fag- /sveineprøve dersom ein ikkje har bestått i alle fag, men ein kan søkje om fritak for inntil to fellesfag dersom eleven eller lærlingen har vore friteken for vurdering med karakter i grunnskolen eller den vidaregåande skolen. Det kan også søkast fritak for inntil to fellesfag dersom lærlingen har store spesifikke lese- og skrivevanskar. Før slik søknad om fritak kan behandlast må det ligge føre sakkunnig vurdering frå PPT, og det er fylkeskommunen som avgjer søknad om fritak i fellesfag. Det kan ikkje bli utferda vitnemål som gir generell studiekompetanse sjølv om ein etter fritak kan få fagbrev. Det kan heller ikkje gjerast unntak i dei yrkesfaga som er knytt til offentleg eller internasjonal sertifisering til eit vitnemål. Dette jf bestemmingane i §§ 3-44, 3-51 og 3-67 i forskrift til opplæringslova.