Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tilbodskatalog - MinID mm

Tilbodsheftet for skoleåret 2012-2013

 

Søknaden må registrerast på Vigo.no innan fristen:
1. februar for inntak med behov for spesialundervisning, for lærekontrakt med unntak frå opplæringsordninga og for opplæringskontrakt
1. mars for inntak til vidaregåande skole og for formidling til læreplass

Ver merksam på at tilboda kan bli endra i løpet av våren 2012.

Du finn alltid oppdaterte tilbod på Vigo.no og på Vilbli.no under Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vilbli.no finn du og meir informasjon om søkinga til vidaregåande opplæring. På forsida (til høgre) kan du klikke direkte til informasjon for Rådgivar eller Elevar og lærlingar. Bruk gjerne søkefeltet om du ikkje finn akkurat det du leiter etter.

Tilbodskatalog for skoleåret 2012/2013 - med retting

Katalogen skal vere delt ut på ungdomsskolane og dei vidaregåande skolane i fylket på nyåret.
Til høgre finn du ein redigert versjon av katalogen, der vi har lagt inn endringar som har blitt gjort etter at katalogen gjekk i trykken. I denne versjonen er vedtak frå møte i Utdanningsutvalet 25.04.2012 tatt med.
(Ud-14/12 A -- Tilbod som ikkje vert igangsett skoleåret 2012/2013)

Desse endringane/tillegga per 15.02.2012 er ført inn i heftet (til høgre). I tillegg er vedtaka frå Utdanningsutvalet 25.04.2012 ført inn:

  • side 8) Vg2 Byggteknikk / Hemne vgs (for søkjarar frå Aure)
  • side 9) Vg3 Interiør (feil nivå i heftet)
    Vg3 Dataelektronikarfaget / Meldal vgs (for elevar frå Rindal)
    Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag / Hemne vgs (for søkjarar frå Aure)
    Vg2 Helsearbeidarfag / Hemne vgs (for søkjarar frå Aure)
    Vg2 Helseservicefag / Romsdal vgs
  • side 11)
    Vg1 Service og samferdsel - blir ikkje tilbod ved Hemne vgs (for Aure)
    Vg2 Sal, service og tryggleik / Hemne vgs (for søkjarar frå Aure)
    Vg1 Teknikk og industriell produksjon - blir ikkje tilbod ved Ulstein vgs
    Vg2 Industriteknologi - blir ikkje tilbod ved Ulstein vgs
  • På siste side er skolenumra lagt inn i skoleoversikten.