Søknad til skole- eller læreplass 2013-2014?
Frå 2. januar 2013 er det mogleg å søkje skoleplass på vigo.no. I mellomtida kan du jo ta ein titt i heftet med tilboda for neste skoleår.
Hopp til innhold Hopp til hovedmeny
Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Inntak > Tilbodskatalog - søking
Tilbodskatalogen skal vere klar til første skoledag etter nyttår.
Søknaden må registrerast på Vigo.no innan fristen:
1. februar for inntak med behov for spesialundervisning, for lærekontrakt med unntak frå opplæringsordninga og for opplæringskontrakt
1. mars for inntak til vidaregåande skole og for formidling til læreplass
På Vilbli.no finn du informasjon om søking til vidaregåande opplæring. Hent opp Møre og Romsdal i "rullegardina" på toppen. Bruk gjerne søkefeltet om du ikkje finn akkurat det du leiter etter.
Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal har gjort vedtak om kva for tilbod som skal gis neste skoleår. Du kan finne saka og vedtak på denne sida, under møtedato 12.11.2012.
Ver merksam på at tilboda kan bli endra i løpet av våren 2013.
Du finn alltid oppdaterte tilbod på Vigo.no og på Vilbli.no under Møre og Romsdal fylkeskommune i søkjeperioden.
Frå 2. januar 2013 er det mogleg å søkje skoleplass på vigo.no. I mellomtida kan du jo ta ein titt i heftet med tilboda for neste skoleår.