Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Karriererettleiing

	                

Karriererettleiing for elevar i grunnopplæringa

Arbeidet for å betre karriererettleiinga i grunnopplæringa er ein viktig del av det fylkeskommunen gjer for å betre gjennomføringa og hindre fråfall i vidaregåande opplæring.

Skoleeigar og skoleleiarar har ansvar for at det ved alle skolar er eit system for karriererettleiing. Fylkeskommunen er pålagd å bidra til eit tett samarbeid mellom dei vidaregåande skolane og ungdomstrinnet i dette arbeidet. I vårt fylke er aktivitetane organisert i fire regionar med ein koordinator i 25% stilling i kvar region: Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre.

Samarbeid mellom ungdomskolen og den vidaregåande skolen om utdanningsval og drifting av det regionale rådgivingsnettverket er ei hovudoppgåve for koordinatoren. Dessutan skal ein bidra til andre tiltak som lettar overgangen mellom ungdomsskolen og den vidaregåande skolen, mellom anna tilrettelagt yrkes- og utdanningsplanlegging for elevar som treng det. Både skoleleiinga og rådgivarane deltek i samarbeidet.

 Yrkes- og utdanningsrettleiinga skal vere ein prosess for eleven gjennom ungdomsskolen og den vidaregåande opplæringa og skal byggje på tre element: 

  • Bevisstgjering, kunnskap om seg sjølv, eigne interesser og føresetnader
  • Kunnskap om yrkes- og utdanningsvegar
  • Utprøving i praksis

Regionkoordinatorar karriererettleiing i samarbeid med ungdomsskolane
Søre Sunnmøre: Liv Ose, Ulstein vgs (liv.ose@mrfylke.no)
Nordre Sunnmøre: Bente Volder, Borgund vgs (bente.volder@mrfylke.no)
Romsdal: Astrid Benedicte Karlsnes (astrid.benedicte.karlsnes@mrfylke.no)  
Nordmøre: Paula Reitan Lie (paula.reitan.lie@mrfylke.no)

Utprøving for 10.-trinnselevane på vidaregåande skolar 
Elevar på 10. trinnet får i vekene 45 og 46 prøve ut to utdanningsprogram kvar etter eigne ønskjer på ein vidaregåande skole. Her er poenget at elevan vel utdanningsprogram og ikkje skole. Dei vidaregåande skolane har høve til å syne fram sine tilbod på opne dagar i januar-ferbruar før søknadsfristen. I same periode blir det arrangert Studiestrat-dagar ved fleire vidaregåande skolar med informasjon om dei studieførebuande tilboda.

Ung Entreprenørskap bidrar også med ulike arbeidsmåter i faget utdanningsval, t.d. ved å arrangere gründercamp.


Klart for karrieredagane!

Alle ungdommar på 10. trinn blir også i år inviterte til å delta på Karrieredagane. Dagane er ein stor dugnad i samarbeid med utdanningsinstitusjonar, næringslivet, opplæringskontor, kommunar og utdanningsavdelinga i fylket.
 

Les meir

Karriererettleiingskonferansen 8.-9. mars 2010

Innlegg til konferansen finn du nedanfor her:

Les meir

Kontaktpersonar

Berit Kvalsvik Teige
Rådgivar
Send e-post

Dokument

Rådgivingsforskriften
DOCX-dokument - 15,55 kB