Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Rådgivingsnettverk

Rådgivingsnettverk

Det er etablert fire regionale rådgivingsnettverk i Møre og Romsdal der skoletilsette med rådgivingsansvar på ungdomsskole og vidaregåande skole møtast to gonger kvart halvår. Målet er å samordne rådgivingstenesta til beste for elevane og gjere overgangen frå ungdomstrinnet til vidaregåande opplæring best mogleg for elevane våre. Rådgivingsnettverka er både ein arena for planlegging og evaluering av aktivitetar i høve til felles tiltak, og ein arena for gjensidig kompetanseutvikling. Tema som blir tatt opp på møta er mellom anna overgangsrutinar, informasjon om utdanningsprogramma, fag- og yrkesopplæring og korleis førebygge og møte rusproblem hos elevar.