Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Læremiddel

 Elevar ved dei vidaregåande skolane har rett på trykte og digitale læremiddel.

PC-ordning 

PC

Skoleeigar har ansvaret for å halde elevar i vidaregåande opplæring med nødvendige trykte og digitale læremiddel.

Elevane ved skolane eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune kan få PC gjennom ei eiga avtale som fylkeskommunen har inngått med leverandør, eller dei kan kjøpe eigen PC. Ved kjøp av eigen PC får eleven utbetalt eit PC-stipend.

Digitale læremiddel 

Digitale læremidler

  

Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått sentrale avtalar på fleire digitale læremiddel. Desse får elevane tilgang til gjennom Ungweb.

NDLA

Møre og Romsdal fylkeskommune er saman med andre fylkeskommunar med på det nasjonale prosjektet nasjonal digital læringsarena (NDLA) for å utvikle og tilgjengeleggjere fleire digitale læremiddel i bruk i vidaregåande opplæring.

Trykte læremiddel        

lærebok

Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått sentral innkjøpsavtale for trykte læremiddel der skolane sjølve gjer bestillingar.

Rett til læremiddel på eige målform

Elevane har rett til læremiddel på eiga målform jamfør forskrift til opplæringslova § 17. Skolane har ikkje høve til å kjøpe inn lærebøker som ikkje ligg føre til same tid og same pris på nynorsk og bokmål.

Kontaktpersonar

Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
93 68 56 10 /
Mob. 936 85 610
Send e-post
Gry Hansen Gry Hansen
Rådgivar
71 25 80 79 /
Mob. 482 08 127
Send e-post