Læringsmiljø
Elevane har rett på eit godt skolemiljø, og skolane skal arbeide målretta og systematisk med dette.
Opplæringsloven § 9a–4 pålegg den enkelte skole å arbeide aktivt og målretta for å oppfylle krava til skolemiljøet i opplæringsloven. Skolen har også plikt til å føre internkontroll med skolemiljøet etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler § 5. I Møre og Romsdal har vi eit eige HMS-system for elevar.
BEDRE LÆRINGSMILJØ - 4-årig prosjekt
Utdanningsdirektoratet har ansvar for ei nasjonal satsing på læringsmiljø "Bedre læringsmiljø" der Romsdal vidaregåande skole er med. Klasseleiing, godt samarbeid mellom skole og heim, positive relasjonar mellom elevar og lærarar osv. er viktige for å utvikle eit godt læringsmiljø.
Prosjektleiar er Rose Mari Skarset, og skoleeigar er representert i styringsgruppa. Prosjektet har ein ekstern rettleiar og blir rapportert til UDIR. Prosjektet er 4-årig.