Entreprenørskap i utdanning gir mange nyetableringar
Ei ny undersøking viser at dei som har drive Ungdomsbedrift har 30 prosent høgare etableringsrate enn dei andre i same aldersgruppa.
Cirkum UB vart kåra til Beste Ungdomsbedrift i Møre og Romsdal i skoleåret 2010/2011. Her deltek dei på NM for Ungdomsbedrifter. Foto: Ungt Entreprenørskap
Denne hausten har Østlandforskning gjennomført ei undersøking på eigenetablering hos personar i alderen 24-25 år. Undersøkinga viser at 17 prosent av dei som har drive Ungdomsbedrift (UB) har etablert eiga verksemd, mot 13 prosent i kontrollgruppa.
- Arbeid med UB gir konkret kunnskap om bedriftsetablering, men erfaringa bidreg også til å utvikle personlege eigenskapar og haldningar. Tidlegare UB-elevar veit korleis dei skal sette idear ut i livet, og dei gjer det, seier Kirsten Aure, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal.
Undersøkinga som er gjennomført på oppdrag frå Ungt Entreprenørskap og Hovudorganisasjonen Virke, viser også andre spennande funn:
- 33 prosent av tidlegare UB-elevar har leiaransvar i dag - mot 25 prosent i kontrollgruppa
- 55 prosent av UB-deltakarane meiner at dei har nødvendig kunnskap og ferdigheiter for å etablere ei bedrift dersom mulegheita skulle dukke opp - mot 41 prosent i kontrollgruppa
- 46 prosent av UB-deltakarane ønskjer å bli sjølvstendig næringsdrivande - mot 39 prosent i kontrollgruppa
- Undersøkinga viser at entreprenørskapsopplæring gir viktige ferdigheiter som arbeidslivet har nytte av. Myndigheitene har eit ansvar for å sørge for at elevar og studentar møter entreprenørskap på alle nivå i utdanninga, seier Guttorm Ulla, rådgivar i NHO og styreleiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal.
Ungt Entreprenørskap vart stifta i 1997, og det var dette året den første UBen vart starta i regi av organisasjonen. Medan tidlegare undersøkingar har målt kva sannsynlegheit UB-elevar har for å starte eigen bedrift, er dette første gong at faktisk etablering er forska på.
- Dei som har delteke i undersøkinga dreiv UB for 6-8 år sidan. Det er først no når dei er vaksne og vi kan måte effekta av erfaringane deira. Undersøkinga slår fast det vi har sett indikasjonar på i eit titals rapportar: Den norske satsinga på entreprenørskap i skolen verkar, seier Aure.
Ungdomsbedrit er bedriftsprogrammet til Ungt Entreprenørskap i vidaregåande skole. Elevane startar, driv og avviklar eiga bedrift med lærar som rettleiar og ein mentor frå lokalt næringsliv. Elevane arbeider ut frå reelle idear og realiserer desse gjennom produksjon, marknadsføring og sal. Ei ungdomsbedrift blir registrert i Brønnøysundregisteret via Ungt Entreprenørskap som ei eiga juridisk eining. Det var 596 elevar i Møre og Romsdal som dreiv Ungdomsbedrift i regi av Ungt Entreprenørskap i førre skoleår.
Forskningsrapporten Ungdomsbedrift og entreprenørskap ligg som dokument på denne sida.
Oppdatert: 01.12.11