Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Klart for karrieredagane!

Alle ungdommar på 10. trinn blir også i år inviterte til å delta på Karrieredagane. Dagane er ein stor dugnad i samarbeid med utdanningsinstitusjonar, næringslivet, opplæringskontor, kommunar og utdanningsavdelinga i fylket.
 

Illustrasjonsfoto: Scanstockphoto

Målsettingane med arrangementet:

  • Gi deltakarane eit meir levande bilete av utdannings- og arbeidstilhøva i Møre og Romsdal
  • vere ein motivasjonsfaktor for å få ungdommane til å velje utdanningsretning og yrke som finst i eigen region.
  • Gi elevane meir kjennskap til utradisjonelle yrke på tvers av kjønn og etnisk bakgrunn.
  • Ikkje minst: Karrieredagane kan gi elevane ein sjanse til å teste og prøve å “kjenne på” eigen kropp korleis utdannings- og arbeidslivet i eigen region er bygd opp og organisert.

Karrieredagane kan vere ein del av faget Utdanningsval.

 

Når skjer det?

  • Veke 37: Karrieredagar i Molde for Romsdalsregionen den 13., 14., og 15. september
  • Veke 38: Karrieredagar i Kristiansund og omegn den 19. og 20. september
  • Veke 38: Karrieredagar i Volda for region Søre Sunnmøre den 21 og 22. september 
  • Veke 39: Karrieredagar i Ålesund for region Nordre Sunnmøre den 27. og 28. september

Kontaktpersonar for dei ulike regionane:

  • Romsdalsregionen: Jorid Søvik, Molde Næringsforum: 71202999/46418688
  • Nordmøre: Monika G. Eeg, Nordmøre Næringsråd: 71570280/91598917
  • Søre Sunnmøre: Toril Engeseth, Høgskulen i Volda: 45806705
  • Nordre Sunnmøre: Anne Kristin Bryne, Ålesund kommune: 70162825
  • Fylkeskommunen: Berit Kvalsvik Teige: 71258935/90099773

Kontaktpersonar

Berit Kvalsvik Teige Berit Kvalsvik Teige
Rådgivar
+4771258935 /
Mob. 900 99 773
Send e-post