Offentleg finansiering av Nasjonal digital læringsarena
Myndigheitene si finansiering av Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er ikkje i konflikt med EØS-avtalen sine reglar for statsstøtte. Dette vedtok overvåkingsorganet til EFTA, ESA, 12.10.2011.
NDLA er eit interkommunalt samarbeid som utviklar og kjøper digitale læremiddel til bruk i vidaregåande opplæring. Det er gratis tilgang på lærestoffet gjennom portalen.
I 2006 innførte norske myndigheiter gratis lærebøker i den vidaregåande skolen og oppmuntra til bruk av digitale læremiddel.Fylkeskommunane vart samtidig bedt om å delta i innkjøp og utvikling.
18 fylkeskommunar gjekk saman om å etablere eit samarbeid, NDLA. I 2010 klaga Den norske Forleggerforeninga ordninga inn for klageorganet til EFTA, ESA. Foreninga meiner at den offentlege finansieringa av NDLA må reknast som ulovleg statsstøtte.
ESA ser ikkje på dette som statsstøtte i og med NDLA ikkje er ei kommersiell verksemd. Utvikling av digitale læremiddel er offentleg utdanning som er eit offentleg ansvar. NDLA er også ein integrert del av den offentlege forvaltninga og tilbyr tenestene sine gratis til norske skoleelevar.
Pressemeldinga finn du her
Oppdatert: 13.10.11
