Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ny Giv

Ny Giv er ein nasjonal dugnad for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Målet med prosjektet er ei tettare oppfølging av ungdom under utdanning.

Målgruppa er eit utval av elevar i 10.klasse som får tettare oppfølging til og med vg2 på vidaregåande skole. Elevane i denne målgruppa vil få intensiv lese-, skrive-, og rekneopplæring i siste halvår av 10. klasse. Dei vil også få individtilpassa opplegg i vidaregåande skole. Dette er primært ikkje elevar som er i målgruppa for spesialundervisning.

Prosjektet starta i 2010 og skal avsluttast i 2013. Etter at prosjektperioden er over så skal det vere etablert eit bærekraftig system i kommunar, i grunnskolen og i fylkeskommunar, i vidaregåande skoler, hos NAV, hos opplæringskontor med fleire.

Fylkeskommunen vil og koordinere og samordne pågåande prosjekt som er retta mot dei ulike målgruppene (m.a. Overgangsprosjektet, Oppfølgingsprosjektet, Voksenprosjektet, 'vurdering for læring og Fleire gjennom). 

Du kan lese meir om Ny GIV på Kunnskapsdepartementets hjemmeside.

Kontaktpersonar

Geir Løkhaug
Rådgiver
71 24 90 92 / Mob. 950 35 375
Send e-post
Berit Brudeseth Berit Brudeseth
Rådgivar
71 25 89 29
Send e-post