Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Åtte millionar til Fagskolen i Kristiansund

Åtte millionar til Fagskolen i Kristiansund

Onsdag vart det kjent at Fagskolen i Kristiansund har vorte tildelt fire millionar kroner, og at fylkeskommunen går inn med tilsvarande beløp. Pengane skal mellom anna gå til nytt laboratorieutstyr for kjemi- og prosess og til maritime simulatorar. 

Under Campuskonferansen på onsdag vart det kjent at Fagskolen i Kristiansund får åtte millionar. Her er leiar for fagskolestyret Bjarne S. Elde, kunnskapminister Torbjørn Røe Isaksen og assisterande fylkesutdanningssjef Rune S. Opstad under konferansen. 

Dette er ein del av den satsinga på fagskolane som ligg i Fagskolemeldinga, der målet er å løfte statusen til fagskolane, og synleggjere dei som ei høgare yrkesretta utdanning.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har vore ansvarleg for søknaden, der heile søknadsbeløpet vart innvilga.

– Dette er svært gledeleg og pengane vil kome godt med. No får vi ein ny simulator på plass, og nytt utstyr til laboratoria. Dette gjer at Fagskolen både innhaldsmessig og utstyrsmessig kan gje eit enda betre tilbod til studentane våre, seier assisterande fylkesutdanningssjef Rune Solenes Opstad.  

Om lag tre millionar vil gå til ny simulator innan maritime fag. - Vi håpar simulatoren vil vere på plass i løpet av komande skoleår, avsluttar Opstad.