Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Auka satsing på internasjonalisering i vidaregåande opplæring

Kontaktpersonar

Bjarne Storfold Elde Bjarne Storfold Elde
(Ap) leiar utdanningsutvalet
Mob. 970 97 292
Send e-post
Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post

Auka satsing på internasjonalisering i vidaregåande opplæring

Godt over 1000 elevar frå vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal deltok i eit eller fleire internasjonaliseringsprosjekt siste skoleår. Det er flest elevar frå Nordre Sunnmøre som deltek. Dette viser ein rapport som vart behandla i utdanningsutvalet sist veke.

Haram vgs har tilbod om å ta 2. året i Skottland

-Arbeidslivet Møre og Romsdal er i høg grad internasjonalt, så det er viktig at vi gir flest mogleg sjansen til å få ta del i dette arbeidet, seier leiar i utdanningsutvalet Bjarne Storfold Elde (Ap).

-  Fleire elevar skal få delta

Fylkesutdanningssjef Erik Brekken er nøgd med rapporten, men varslar at dei skal arbeide for at enda fleire av elevane skal få vere med. -Vi sett i gang tiltak for å skape fleire prosjekt. Mellom anna ser vi på moglegheita av å organisere søkeprosessen for midlar på ein meir effektiv måte, seier Brekken.

Stor breidde: spansk mest populært

Breidda i tilbodet er stort, frå Haram vgs sitt tilbod om å ta andreåret i Skottland, via International Baccalaureate (IB) ved Spjelkavik vgs, til kortare studieopphald i utlandet.

Ser vi på språktilbod, er spansk det klart mest populære valet av framandspråk, der dette er eit alternativ. Framleis er det tysk som blir tilbydt ved flest skolar i fylket.  Ved Ålesund og Molde vgs kan elevane kan velje kinesisk , og dette blir stadig blir meir populært.