Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > "Enda større involvering av elevar!"

"Enda større involvering av elevar!"

Dette var eitt av signala som Elevorganisasjonen fekk med seg frå møtet med utdanningsavdelinga og elev- og lærlingombodet. 

Fråværsreglane, lik regelhandtering og ny lov om læringsmiljøet til elevane, dette var nokre av tema som stod på dagsorden 18.april. Då hadde Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal, elev- og lærlingombodet og utdanningsavdelinga eitt av sine to faste årlege samarbeidsmøter. Fylkesutdanningssjefen ønskjer å involvere elevar og lærlingar i enda større grad i arbeid med ulike planar og tema som er aktuelle for vidargåande opplæring. Dette såg representantane frå Elevorganisasjone svært positivt på.