Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > -Fagarbeidarar er viktige aktørar for framtida vår

Kontaktpersonar

Åse Vatne Riksfjord Åse Vatne Riksfjord
Rådgivar
71 28 03 85 /
Mob. 959 32 159
Send e-post

-Fagarbeidarar er viktige aktørar for framtida vår

I februar og mars blir det arrangert samlingar for 2.års lærlingar som skal ta fagbrev eller sveinebrev i løpet av 2017. Påmeldingsfristen er 22. februar. 

Over 300 har til no meldt seg på samlinga for 2. års lærlingar. Her frå ein av samlingane i 2016. 

Til no er det over 300 som har meldt seg på, men vi har plass til fleire, seier Åse Vatne Riksfjord, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Ønsker å bli dyktige fagarbeidarar

Programmet på samlingane er satt opp med bakgrunn i tilbakemeldingane lærlingane sjølv har gjeve gjennom Lærlingundersøkinga, fortel Riksfjord.  Undersøkinga viser at lærlingane i Møre og Romsdal ønsker å vite meir om mål og planfokus innafor fagkretsen sin. -Målet er å bli dyktige fagarbeidarar med fag eller sveinebrev, og  den praktiske gjennomføringa av prøva  er noko lærlingane sjølv ønsker å vite meir om, seier Riksfjord.

Viktig for framtida

På samlingane får lærlingane moglegheit til å lufte saker og stille spørsmål dei lurar på mot slutten av læretida. – Vi arrangere desse samlingane fordi vi vil at elevane skal vere best mogeleg forberedt. Møre og Romsdal er eit yrkesfagfylke, og vi treng mange fagarbeidarar. Dei er viktige aktørar for framtida vår, avsluttar ho.

Lærlingane får også med seg viktig informasjon frå fagorganisasjonar og skatteetaten, og dei får ei påminning om retten til eit ekstra opplæringsår i den vidaregåande skolen. Dei kan for eksempel ta allmenn påbygging, som er eit tilbod for dei som ønsker å ta vidare utdanning på høgskole og universitet.  

Dato for samlingane:
  • 28. februar, Scandic Parken Hotel, Ålesund   
  • 7. mars, Quality Hotel Alexandra, Molde 
  • 9. mars, Scandic Kristiansun, Kristiansund

 

Programmet for samlingane finn du her