Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Første inntaket for vidaregåande skole er klart

Kontaktpersonar

Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post
Geir Løkhaug Geir Løkhaug
Seksjonsleiar
71 28 03 68 /
Mob. 950 35 375
Send e-post

Dokument

1. inntak ungdomsrett 2017
PDF-dokument - 347,29 kB
Formidling av læreplassar pr 05.07.17
PDF-dokument - 145,18 kB

Første inntaket for vidaregåande skole er klart

9548 søkarar har fått tilbod om plass i 1. inntaket til dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal for skoleåret 2017/2018. I 1. inntaket er det nesten berre søkarar med ungdomsrett som har fått tilbod. Fristen for elevane å svare på 1. inntaket er 14. juli.

Illustrasjonsfoto.
Foto: Fagerlia vgs

Etter 1. inntaket er det 162 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg1, 62 med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg2 og 44 som ikkje har fått plass på Vg3. Det er noko mindre enn dei siste åra.

- Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når 2. inntaket blir køyrt ca. 7. august. Vi vil passe på at alle søkarar med ungdomsrett får skoleplass til skolestart. Andre søkarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått ein skoleplass, seier Erik Brekken. Det er ventelister for å få plass på fleire Vg1-tilbod. Det gjeld for eksempel elektrofag og idrettsfag.

Formidling til læreplass

558 elevar med ungdomsrett har fått tilbod om læreplass. Dette er om lag på same nivå som i fjor. Dersom vi reknar alle som har rettar, er 748 ungdom formidla, seier Brekken

Møre og Romsdal fylkeskommune har også denne våren og sommaren arbeidd for å skaffe fleire læreplassar, for mellom anna å kompensere lågkonjunkturen innanfor enkelte bransjar. For søkarane til fagopplæring held formidlinga fram til 1. november, avsluttar Brekken.

Her finn du aktuell statistikk for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal fylkeskommune.