Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Forslag om ny tilbodsstruktur for vgs lagt ut på høyring

Kontaktpersonar

Rune Solenes Opstad Rune Solenes Opstad
Assisterande fylkesutdanningssjef
71 28 03 81 /
Mob. 951 77 723
Send e-post

Forslag om ny tilbodsstruktur for vgs lagt ut på høyring

I desember 2016 skal fylkestinget vedta ny tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. I går vart dokumentet med forslag til ny struktur lagt ut på høyring. – Fristen for å kome med innspel er 30. september, seier assisterande fylkesutdanningssjef Rune Solenes Opstad.

Kart over kommunar og skolar i ulike inntaksregionar.
Foto: Norconsult

Høyringsdokumentet inneheld vurderingar og tilrådingar for korleis den framtidige tilbodsstrukturen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal kan sjå ut. –Det er ikkje snakk om endringar i skolestrukturen, den skal ligge fast, men forslaget som no er ute på høyring,  legg opp til endringar  og justering av fagtilbodet på dei ulike skolane, understrekar Opstad. Bakgrunnen for at ein no ser på tilbodsstrukturen, er prognosane for elevtalsutviklinga og søketala til dei ulike fagtilboda.

Høyringa vil vere eit viktig del av fylkesrådmannen sitt grunnlag for ei god saksutgreiing, når saka skal til behandling i fylkestinget. I hovudsak går høyringa ut til dei vidaregåande skolane og kommunane i fylket, men alle som har interesse av saka kan kome med uttale.

Les meir om høyringa her