Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Fråværet i vidaregåande skole har gått ned

Kontaktpersonar

Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post
Gry Rishaug Hansen Gry Rishaug Hansen
Rådgivar
71 28 03 98 /
Mob. 416 43 033
Send e-post

Fråværet i vidaregåande skole har gått ned

Foreløpige tal frå Utdanningsdirektoratet (Udir) viser at fråværet i vidaregåande skole har gått ned etter innføring av fråværsgrensa. 

Fråværet har gått mest ned for elevar som går på yrkesfaglege utdanningsprogram, og fråværet er no lågare for elevar på yrkesfag,  enn for elevar på studieførebuande utdanningsprogram.

-Delen av elevar utan vurderingsgrunnlag (IV) og delen av elevar som sluttar i løpet av året, går noko ned. Korleis fråværsgrensa påverkar fråfall i vidaregåande skole er det for tidleg å si noko om, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.

Fråværet har gått ned

Det typiske fråværet for ein elev i 2016-17 er tre dagar og åtte timar på landsbasis. Dette er to dagar og fire timar mindre enn i fjor, og ein 40 prosent nedgang i dagar og 33 prosent nedgang i timar. I Møre og Romsdal er fråværet no på tre dagar og sju timar. Dette ein nedgang frå seks dagar og elleve timar samanlikna med førre skoleår. -Vi ligg på median nivå på dagsfråvær samanlikna med dei andre fylka, og under median i timefråvær, saman med tre andre fylke, fortel Brekken.

Eigne foreløpige tall viser at fråværet i Møre og Romsdal har ein nedgang på om lag 38 prosent totalt. -Dette er svært gledelege og positive tall. Spesielt er det bra at det har vore ein stor reduksjon på  fråveret ved dei  yrkesfagelege utdanningsprogramma.  Det er det no lågare fråvær, enn ved  dei studieførebuande programma. Det er her det har vore størst utfordringar med fråvær og gjennomføring, seier Brekken.  
Fråværsgrensa vart innført relativt raskt etter eit vedtak i Stortinget i juni 2016, og har møtt mykje motstand. –Det ser likevel ut til å ha ein god effekt på oppmøte ved skolane i Møre og Romsdal. Hovudmålet med ny fråværsgrense er å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring, fortel Brekken.

Færre elevar får IV i år enn i fjor

Når det gjeld elevane som har IV i berre i eitt fag så har alle fylka ein reduksjon eller same nivå som førre skoleår. Der ligg Møre og Romsdal heilt på topp av fylka, berre Hedmark og Sogn og Fjordane har ein lågare del elevar med IV i berre i eitt fag.

Foreløpig resultat viser at av elevane som har fått IV i minst eitt fag, så har om lag halvparten fått IV på grunn av fråværsgrensa i minst eitt i desse faga. På nasjonalt nivå har 3,1 prosent av elevane IV ved standpunkt og 1,8 prosent av desse på grunn av fråværsgrensa. I Møre og Romsdal er situasjonen slik at ved førre skoleår var det 2,6 prosent av elevane som hadde IV ved standpunkt, men i dette skoleåret er det nede på 2 prosent, der 1 prosent er på grunn av fråværsgrensa. – Også der ligg vi heilt i toppen med berre eitt fylke framfor oss, dette er Sogn og Fjordane, seier fylkesutdanningssjefen.

Færre elevar sluttar

Foreløpige tal viser at det er litt færre ordinære elevar som sluttar i løpet av skoleåret, samanlikna med dei to førre skoleåra. Det er forskjellar mellom fylka, og i fem fylke så er det nokon fleire som har slutta i år enn i fjor. I Møre og Romsdal så er det om lag samme del som har slutta samanlikna med dei to førre skoleåra.

Sjå tal for dei ulike fylka og skolane i Møre og Romsdal her: https://statistikkportalen.udir.no/vgs/Pages/Fravaer-paa-vitnemaalet.aspx

Fakta

IV= ikkje vurderingsgrunnlag på grunn av fråværsgrense

Dersom ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i timane i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget, og læraren kan heller ikkje sette slike karakterar.

Les meir på udir.no: https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk/etter-tema/Vitnemal/fravar-i-videregaende-skole/