Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Har du lyst å reise på romfartsleir?

Kontaktpersonar

Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
71 28 04 05 /
Mob. 936 85 610
Send e-post

Har du lyst å reise på romfartsleir?

Kvart år blir det arrangert European Space Camp på Andøy Space Center for elevar. I år kan det bli du som deltek!

Er du interessert i romfart så kan dette vere aktuelt for deg. Du må oppfylle følgjande kriterie:

  • Vere i alderen 17-20 år (Deltakaren kan ikkje fylle 21 år i løpet av året campen skal haldast, men om deltakaren er 16 og fyller 17 i løpet av året er dette akseptabelt dersom dei andre kriteria er oppfylte.)
  • Ha matematikk som fag frå vidaregåande skule (minimum T2/S1/R1)
  • Meistre engelsk både skriftleg og munnleg, ettersom deltakarane må snakke engelsk under heile opphaldet
  • Ha gode evner til samhandling

Send inn ein søknad til post@mrfylke.no med kopi til e-post kristin.glastad.vonheim@mrfylke.no , merka med European Space Camp innan 1.4. Legg også ved eit anbefalingsbrev frå faglærar/kontaktlærar med søknaden.

Fylkeskommunen disponerer 1 plass, men det er også mogleg å søkje via NTNU.