Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Sara Hammerø Moen Sara Hammerø Moen
Rådgivar
71 28 04 14
Send e-post

Informasjon om PC-ordninga

Skal du starte på vidaregåande skole til hausten? Da må du ha datamaskin.

Som elev ved ein av Møre og Romsdal fylkeskommune sine vidaregåande skolar må du ha datamaskin. Du kan velje mellom to ordningar:

1. Kjøpe fylkeskommunal elev-PC 

2. Få PC-stipend frå fylkeskommunen

 

1.      Kjøpe fylkeskommunal elev-PC

  • Lenovo ThinkPad T470 (sjå spesifikasjon). Årleg eigendel kr. 1014,-
  • Du får rekning frå Møre og Romsdal fylkeskommune ein gong i året, i tre år (til saman tre betalingar). Etter tre betalingar, er PC-en din.
  • Beløpet på kvar rekning blir det same beløpet som lånekassen betalar ut i utstyrsstipend kvart år (link til Lånekassen).
  • Service, vedlikehald og forsikring for tre år er inkludert.
  • Forsikringsordninga dekkjer mellom anna byte av skjerm eller harddisk. Den kan også gi rett til lånemaskin ved reparasjonar.
  • Forsikringa dekkjer ikkje tap av maskina (for eksempel tjuveri).
  • Meir informasjon om ordninga og korleis du legg inn ei bestilling får du på sms.
 

 2.      Få PC-stipend frå fylkeskommunen

  • Du får eit «PC-stipend» frå Møre og Romsdal fylkeskommune på kr 2500. Utbetalinga er i slutten av september og dette er eit eingongsbeløp.  ​
  • Når du tek imot PC-stipend må du sjølv sørge for å ha ei datamaskin som har minst like god kapasitet som fylkes-PCen. Les viktig tilleggsinformasjon under. Du står ellers fritt til å velje kva datamaskin du ønskjer, men den må vare klar til skolestart. ​
  • Du må sjølv dekkje service, vedlikehald og eventuell forsikring. Vi tilrår at du har ein serviceavtale som dekkjer lånemaskin, slik at du heile tida har tilgang til datamaskin.
  • Du vil få gratis tilgang til alt du treng av programvare på skolen (blant anna Office 365).
 

Les meir om PC-ordninga her!