Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Kariann D. Flovikholm er ny rektor ved Fannefjord videregående skole

Kontaktpersonar

Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post
Kariann D. Flovikholm Kariann D. Flovikholm
Rektor
71 28 30 01 /
Mob. 901 84 384
Send e-post

Kariann D. Flovikholm er ny rektor ved Fannefjord videregående skole

Kariann D. Flovikholm (44) har takka ja til stillinga som rektor ved Fannefjord videregående skole. - Eg er svært glad for å ha fått jobben, og gler meg til å samarbeide vidare med dyktige og engasjerte kollegaer som brenn for å skape ein best mogeleg skole for elevane våre, fortel Flovikholm.

Flovikholm har vore assisterande rektor ved Fannefjord videregående skole sidan 2012. Ho kjenner skolen godt og har klare tankar for vegen vidare.

- Vi skal fortsette å arbeide for tryggleik og trivsel i eit godt skolemiljø slik at elevar som slit med psykiske og sosiale vanskar skal oppleve meistring og læring. Vi har også eit godt og viktig samarbeid med hjelpeapparatet rundt elevane som det blir spennande å vere med på å utvikle vidare, seier Flovikholm.

Kariann Flovikholm er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning frå Universitetet i Oslo og Høgskolen i Volda og har nordisk, historie og kunsthistorie i fagkretsen. Ho har vore tilsett ved Fannefjord videregående sidan1996.