Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Konkurrerte om å delta i NM

Konkurrerte om å delta i NM

Onsdag arrangerte Borgund vidaregåande skole Fylkesmesterskap for fire yrkesfag.

Beatrice Bjørkedal, Borgund vgs vann klassen TIP bilskade/lakk

Det vart arrangert konkurransar i TIP køyretøy, frisør, design og tekstil og interiør- og utstillingsdesign. Elevar frå Kristiansund videregående skole, Romsdal videregående skole og Borgund vidaregåande skole deltok i konkurransene, og det vart kåra fire fylkesmeistrar. Desse går vidare til Skole- NM. 

Her kan du sjå film frå konkurransane

Konkurransar innan yrkesfaga har vore arrangert i over 25 år, og det norske yrkeslandslaget sender mange norske ungdommar vidare til Yrkes- EM og Yrkes- VM. Det å arrangere skolekonkurransar for yrkesfag er derimot nytt, og i år er alle fylka med. 

Målet er at desse konkurransane skal gi elevene auka motivasjon, og at kvaliteten i dei ulike handverksfaga blir enda betre. Å betre rekrutteringa til yrkesfaga er også viktig.

Frisørfag kåra to fylkesmeisterar, i langhårsoppsetting og i frisyredesign. Deltakarane i konkurransen for Design og tekstil leverte eit skjørt etter eige design. Elevane på TIP- kjøretøy hadde ei firedelt oppgåve, med kontroll av lys, kjølesystem og bremser, i tillegg til omlegging og balansering av dekk. I Interiør- og utstillingsdesign skulle deltakarane planlegge og utføre ei utstilling eller profilering for ein kunde.

dekk. I Interiør- og utstillingsdesign skulle deltakarane planlegge og utføre ei utstilling eller profilering for ein kunde.

Resultat: 

Frisør

Oppsetting
  1. Emilie Gjerde, Romsdal vgs
  2. Ellinor Viken, Kristiansund vgs
  3. Marit Better, Kristiansund vgs
Frisyreform
  1. Marit Betten, Kristiansund vgs
  2. Diana Barinova, Borgund vgs
  3. Helene Kristin Pedersen, Romsdal vgs

Interiør og utstillingsdesign

  1. Gemma L. Christensen, Romsdal vgs
  2. Sofie Veibust Thorsen, Borgund vgs
  3. Beate Drønnen, Borgund vgs

Design og tekstil

  1. Lene Markussen, Borgund vgs
  2. Kristin Lystad, Borgund vgs
  3. Theresa Longvastøl, Borgund vgs
  4. Aleksander Walderhaug, Borgund vgs

TIP 

Køyretøy
  1. John- Henrik Kvalsund Paulsen, Borgund vgs
  2. Bård Hanem, Kristiansund vgs
  3. Nick Kariuki, Borgund vgs​
Bilskade/lakk
  1. Beatrice Bjørkedal, Borgund vgs
  2. Daniel Liangen