Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2017 – 2021

Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2017 – 2021

Kvalitetsplanen for perioden 2017-2021 vart samrøystes vedtatt i Fylkestinget 13.06.2017.

Høg gjennomføring og tettare oppfølging med elevens læringsutbytte i fokus, skal i planperioden 2017-2021 vere gjennomgåande i arbeidet med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal.

Kvalitetsplanen for 2017-2021 vart vedtatt med dei målsettingane og områdene som kjem fram i planen med følgande presisering:

  • Elevar med høgt lærlingspotensiale skal og ha tilpassa opplæring ut ifrå det nivået dei ligg på.
  • I arbeidet med å nå hovudmålsettinga, må kontaktlærarfunksjonen styrkast.

Kvalitetsplanen skal evaluerast i årleg kvalitetsmelding til fylkestinget. Kvalitetsplanen skal leggast til grunn for utarbeiding av lokale arbeidsplanar for lærarane og skoleleiarane. Det blir gjort ei nærare vurdering av insentivordning for skolane for å nå måla i kvalitetsplanen.

 

 For meir informasjon, sjå sak T-27/17:

https://einnsyn.mrfylke.no/motedag/index/2292

https://mrfylke.kommunetv.no/bruker/default.aspx?movieID=163&sid=1&start=15468&end=15896&AspxAutoDetectCookieSupport=1