Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Leergaard ny rektor ved Rauma videregående skole

Kontaktpersonar

Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post
Eva M Krogstad Leergaard Eva M Krogstad Leergaard
rektor
47 66 22 00
Send e-post

Leergaard ny rektor ved Rauma videregående skole

Eva M. Krogstad Leergaard (54) har takka ja til stillinga som rektor ved Rauma videregående skole. - Eg er svært glad for at eg fekk jobben som rektor, og eg ser fram mot å jobbe vidare saman med dei dyktige tilsette og alle elevane ved skolen, seier Leergaard.

Eva M. Krogstad Leergaard har takka ja til stillinga som rektor ved Rauma vgs. 

Leergaard har vore assisterande rektor ved Rauma vgs sidan 2007. Ho er no konstituert i stillinga som rektor, noko ho også har vore tidlegare.

Trivsel, arbeidsglede og samarbeid

Leergaard kjenner skolen godt, og har klare tankar for vegen vidare.

–Saman skal vi fortsette arbeidet med å gjere skolen enno betre, slik at elevane si læring kan nå nye høgder. Det er ein skole som har høg arbeidsglede blant oss som jobbar her, og det er god trivsel hos elevane. Samstundes skal vi også utvikle det gode samarbeidet skolen har med bedrifter i kommunen. Næringslivet er viktige for oss, seier Leergaard.

Tilsett ved skolen sidan 1987

Leergaard har bakgrunn som kokk og har lærarutdanning for yrkesfaglærarar, og har tilleggsutdanning i norsk for yrkesfaglærarar og Rektorskolen. Gjennom 15 år har ho vore medlem av kokkenes mesterlaug i Møre og Romsdal. Leergaard arbeidde som kokk frå 1985 til 1987. Ho vart tilsett som lærar ved Rauma videregående skole i 1987, og har vore i vidaregåande opplæring etter dette. I 2006 vart ho avdelingsleiar ved skolen og i 2007 assisterande rektor. Leergaard var også dagleg leiar i Opplæringskontoret for hotell og restaurant i 50% stilling frå 1993-1995.