Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > –Samarbeid er ein vesentleg faktor

Kontaktpersonar

Ola Ivar Eikebø Ola Ivar Eikebø
Rådgivar
71 28 03 94 /
Mob. 950 65 486
Send e-post

–Samarbeid er ein vesentleg faktor

Alle som har søkt om læreplass innanfor anleggs- og bergfag, har no fått lærekontrakt. –Eg vil takke skole og bedrifter for eit godt samarbeid, seier Espen Wicken, dagleg leiar for Opplæringskontoret for anleggs- og bergfaga (OKAB) Møre og Romsdal.

Årets avgangselevar  frå VG2 anleggsteknikk ved Borgund vgs. 

-Samarbeidet med skole, lærarar, elevar og bransje, er ein vesentleg innsatsfaktor for gjennomføring av undervisninga, og for at alle som har søkt læreplass har fått tilbod om læreplass, seier Wicken.

VG2 anleggsteknikk er eit populært tilbod, og har om lag to søkarar til kvar skoleplass. OKAB med sine medlemsbedrifter, har som målsetning at søkarane som har gjennomført VG2, skal ha fått tilbod om læreplass innan avslutning av skoleåret. Totalt er OKAB  registrert med om lag 80 lærekontraktar, og 8 opplæringskontraktar