Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Samling for lærlingar og lærekandidatar

Kontaktpersonar

Åse Vatne Riksfjord Åse Vatne Riksfjord
Rådgivar
71 28 03 85 /
Mob. 959 32 159
Send e-post

Samling for lærlingar og lærekandidatar

I veke 39 og 40 blir alle nye lærlingar og lærekandidatar invitert til samling i dei tre største byane.

Samlingane er ein del av kvalitetssikringa av opplærling i bedrift og fagopplæringa.

Det er ganske annleis å vere lærling og lærekandidat enn å gå på skole, og det blir ofte stilt heilt andre og nye krav til lærlingane og lærekandidatane. Når det blir inngått  lærekontrakt eller opplæringskontrakt med ei bedrift, omfattar dette plikter og rettar for alle partar. Desse pliktane og rettane er i hovudsak regulert gjennom lov, forskrift og tariffavtalar.

På samlingane vil fylkeskommunen gi mykje god informasjon og råd om kva som gjeld. Deltakarane vil også få høyre korleis ein 2.årslærling opplevde å vere ny då han starta på si læretid i fjor. Alle som deltek vil få utdelt ei handbok, som vil vere eit viktig hjelpemiddel gjennom heile læretida.  

Datoar:

26.september Kristiansund vg skole, auditorium i Braatthallen
30.september Quality Hotel Alexandra, Molde
5.oktober Borgund vg skule, store auditorium ved hovudinngangen       

Er du lærling eller lærekandidat og har lyst til å melde deg på?

Påmelding og program finn du her: www.mrfylke.no/laerling