Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Skal auke kompetansen i arbeidet med kvalifisering av flyktningar

Kontaktpersonar

Inger Lise Trønningsdal Inger Lise Trønningsdal
Rådgivar
71 28 03 78 /
Mob. 900 52 902
Send e-post

Skal auke kompetansen i arbeidet med kvalifisering av flyktningar

Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune er partnar i eit Erasmus+ prosjekt: «Together: Best practices exchange for integrating refugees». Prosjektperiode er frå september 2016 til januar 2018. 

Frå mottakinga av prosjektdeltakarane i rådhuset i Santo Tirso 18 april. I den norske delegasjonen deltok Inger Lise Trønningsdal, prosjektkoordinator og koordinator vidaregåande opplæring for vaksne ved utdanningsavdelinga, Borghild Drejer, rektor ved Molde voksenopplæringssenter, Astrid Benedicte Karlsnes, leder ved ressurssenteret ved Romsdal vgs og Sunniva Hellandsvik Ødegård, trainee ved utdanningsavdelinga.

I april var representantar frå utdanningsavdlinga på besøk i Santo Tirso i Portugal. 

Meir effektiv integrering

Hovudmål for prosjektet er kompetanseheving for leiarar, lærarar og andre aktørar involvert i arbeidet med kvalifisering av flyktningar, slik at arbeidet fører til meir effektiv integrering. Vi skal utveksle erfaringar mellom deltakarane i prosjektet, både over landegrensane, men og internt hos partnarane. For å sørge for betre samarbeid internt i Møre og Romsdal fylke har utdanningsavdelinga invitert inn ulike andre aktørar til å delta i prosjektet. Molde voksenopplæringssenter, NAV Møre og Romsdal, Karriere Møre og Romsdal og Ressurssenteret ved Romsdal vgs er alle lokale partnerar i prosjektet, og dei fleste av disse har og delteke på studiebesøk og læringsaktivitetar i prosjektet fram til no.

Fleire partnarar

Andre europeiske partnarar i prosjektet er Acist, ei næringsforening i Santo Tirso i Portugal, Sugesto , ein språkskole i Tallin i Estland og LOVL, eit rådmannskollegium frå ni kommunar i Läänemaa regionen i Estland. Første besøk og læringsaktivitet fann stad i Haapsalu, Estland i desember 2016 – og no har vi gjennomført vårt andre besøk i Santo Tirso Portugal i april, seier Inger Lise Trønningsdal rådgivar i fylkeskommunen.  Neste besøk med ulike læringsaktivitetar finn stad i Molde 11 – 15 september 2017. - Dette er noko vi gler oss veldig til. Då vil vi vise fram dei ulike system våre for partnarane, og arrangere ulike kurs både for dei og for våre eigne deltakarar, seier Trønningsdal.