Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Søkartala er klare: Færre søker yrkesfag

Kontaktpersonar

Erik Brekken Erik Brekken
Fylkesutdanningssjef
71 28 03 70 /
Mob. 481 31 291
Send e-post
Geir Løkhaug Geir Løkhaug
Seksjonsleiar
71 28 03 68 /
Mob. 950 35 375
Send e-post

Søkartala er klare: Færre søker yrkesfag

Då søknadsfristen gjekk ut 1. mars, hadde 3634 ungdomar søkt om skoleplass på Vg1, for skoleåret 2016/2017.  – Dette er 113 færre enn i fjor. Årsaka er nok eit mindre årskull, og ein nedgang i talet på elevar som gjer omval, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.

Helse- og oppvekstfaget er populært, og er no yrkesfaget med høgast søking. Her frå Kristiansund vgs.
Foto: Fotografandre.no

Samla sett har yrkesfaga lågare søking i år, medan søkartala for dei studieførebuande utdanningsprogramma er stabile.

Auke for idrett, musikk, naturbruk og service og samferdsel

Idrettsfag og musikkfaga fortset auken i søkinga frå i fjor. 51 fleire elevar har søkt idrettsfag, og 27 fleire elevar har søkt seg til musikk. Naturbruk har ein auke på nesten 19 prosent, og service og samferdsel har ein auke på om lag 18 prosent.

Fleire yrkesfag strevar

Resten av yrkesfaga har ein nedgang i søkinga. Bygg- og anlegg hadde gode søkartal i fjor, men opplever i år ein tilbakegang. Søkinga til restaurant- og matfag er stabil, men det er færre enn 100 elevar som ønsker seg dette utdanningsprogrammet. Eit populært fag som elektro har også mindre søking, med nesten 14 prosent færre søkarar. – Det er gledeleg å sjå at helse – og oppvekstfaget framleis er populært, og er no det yrkesfaget med høgast søking med 449 søkarar. Dette er ei yrkesgruppe vi veit at det er bruk for i åra som kjem, seier Brekken.

Dramatisk nedgang

To av faga som slit med få søkarar, er medier og kommunikasjon og design og handverk. Søkinga til desse utdanningsprogramma har den største nedgangen, med mellom 25 og 30 prosent. - Dette er dramatisk for desse utdanningsprogramma, fortel utdanningssjefen.

Nedgang i søkartal for TIP

Tilbakegangen i søkinga til teknikk og industriell produksjon i fjor, held fram. Nedgangen er på 10 %. Brekken meiner dette kan skuldast utfordringane innanfor industri- og verftsnæringa.

Utfordring å skaffe nok læreplassar

Talet på søkarar til læreplass har auka til 1282, noko som er 59 fleire enn i fjor. Det er berre små forskjellar i talet på søkarar til dei ulike faga. – Det er  mindre søking til fag som elektrikarfaget, industrimekanikarfaget og sveisefaget, medan maritime fag held seg stabilt, seier Brekken.  Han fortel vidare at er ein auke i søkarar til læreplassar i  helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget.
– Vi vil også i år legge opp til ei mobilisering for å skaffe fleire læreplassar, og vi håpar at særleg kommunar ser nytta av å ta inn lærlingar, særleg innan helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Lærlingar er ein verdifull ressurs som vi må sjå potensiale i, seier Brekken.   

Vel tradisjonelt

Det er ikkje store endringar i fordelinga i søkinga til studieførebuande og yrkesfaga. Søkinga til vidaregåande opplæring er framleis tradisjonell. Gutar søker til elektrofag, bygg og anleggsteknikk og teknikk og industriell produksjon. Jentene søkjer til design og handverk, kunst, design og arkitektur, musikk, dans og drama og helse- og oppvekstfag. Fleire jenter enn gutar søker studieførebuande.

Oversikt over alle søkartala finn du i menyen til høgre.