Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Stor internasjonal pris til NDLA

Kontaktpersonar

Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
71 28 04 05 /
Mob. 936 85 610
Send e-post

Stor internasjonal pris til NDLA

Norske NDLA (Nasjonal digital læringsarena) er tildelt Open Education Awards for Excellence 2017. Prisen er gjeven av Open Education Consortium. Hovudkriterium er openheit, originalitet og aktualitet.

– Prisen er den absolutt største merksemda ein open nettstad for læring kan oppnå, seier ein stolt Øivind Høines. Han er dagleg leiar for det fylkeskommunale samarbeidet NDLA, der Møre og Romsdal fylkeskommune har vore med som eigar og pådrivar sidan oppstarten i 2007. 

Statsråden gratulerer

–  Eg vil gratulere NDLA med hovudprisen for beste nettstad i Open Education Awards of Exellence. Dette er ei fin verdsetjing av arbeidet til NDLA, og det er alltid gledeleg når norske aktørar når opp i internasjonale samanhengar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. NDLA vart starta i 2007 etter initiativ frå Kunnskapsdepartementet året før.  

Kunnskapsministeren

Lærarar frå heile landet

– I dag har norske lærarar frå heile landet fått internasjonal heider for det dei saman har skapt, fortel Høines. Han trekkjer òg fram det breie samspelet med lærarar, elevar og NDLA sine leverandørar. Innovasjonskrafta som ligg i dette samspelet, har vore avgjerande, seier han, og retter stor takk til NDLA sine samarbeidspartnarar.

Jubileumsår

Øivind Høines

NDLA er no inne i sitt tiande år og er i dag solid forankra i den vidaregåande opplæringa i heile landet. Innhaldet på NDLA sine sider er opent for alle og vert svært mykje nytta i den vidaregåande skolen. I år har òg kommunane starta arbeidet med å få fram eit NDLA for grunnskolen.

–  Dette er ein fantastisk start på jubileumsåret vårt, seier Høines.   

7.mars markerer Møre og Romsdal fylkeskommune jubileet med ein NDLA-dag for lærarar i Molde.  

 

NDLA.no

  • Oppretta i 2007
  • Opne digitale læremiddel for vidaregåande opplæring
  • Meir enn 60.000 besøk kvar skoledag
  • Over 11 millioner besøk i 2016
  • 2000 elever bidreg med innspel og utbetringar i pilotklasseordninga
  • Noregs største læremiddelnettstad for vidaregåande skole
  • Eigd og drive av alle Noregs fylkeskommunar utan Oslo
  • Læringsressursar i over 80 eksamensfag
  • Lisensiert med Creative Commons og kan fritt delast, tilpassast og vidareutviklast

 

 

 

Om Open Education Consortium

The Open Education Consortium is a global network of educational institutions, individuals and organizations that support an approach to education based on openness, including collaboration, innovation and collective development and use of open educational materials. The Open Education Consortium (OEC) is an independent not-for-profit (501.c.3) organization incorporated in 2008 under the laws of the Commonwealth of Massachusetts in the United States of America.