Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Styrkar samarbeid mellom skole og næring

Kontaktpersonar

Bengt Endreseth Bengt Endreseth
Leiar Energiregion Møre
71 28 03 43 /
Mob. 958 78 883
Send e-post
Rune Solenes Opstad Rune Solenes Opstad
Assisterande fylkesutdanningssjef
71 28 03 81 /
Mob. 951 77 723
Send e-post
Marit Rovik Bjerkestrand
Rektor
71 57 05 36 /
Mob. 958 91 880
Send e-post
Rebekka Varne Rebekka Varne
Rådgivar akvakultur
71 28 03 51 /
Mob. 918 59 402
Send e-post

Styrkar samarbeid mellom skole og næring

Fagskolen i Kristiansund og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer biomarin næring til dialog og samarbeid om framtidig behov for kompetanse. Tysdag 24. januar blir det frukostmøte på fagskolen.

Foto: Fagskolen i Kristiansund

Frå hausten 2017 vil kjemi- og prosesslinja ved fagskolen få eit biomarint tyngdepunkt.

-Vi ønskjer innspel frå det lokale næringslivet på korleis vi kan utvikle studiet slik at det svarar til næringslivet sitt framtidige behov for kompetanse, seier avdelingsleiar på fagskolen, Per Kvarsvik.

Frukostmøte

Når: tysdag 24. januar kl. 8.30 – 10.00
Stad: Fagskolen i Kristiansund

Det vil bli høve til synfaring ca kl 9.30

Møre og Romsdal er eit stort sjømatfylke med ein sterk biomarin industri. Som skoleeigar og utviklingsaktør arbeider fylkeskommunen for å møte behova for omstilling. Frå hausten 2017 vil studentane som startar på studiet i «Kjemi: Prosessteknikk» få muligheita til å spesialisere sin kompetanse, ved å ta valfag innanfor eit av desse to fagområda:

  • Næringsmiddel og marin bioprosess
  • Energigass og metallurgi

-Vi ønskjer eit tettare samarbeid med det lokale næringslivet slik at studentane får høve til å arbeide med reelle og lokale problemstillingar. Det ønsker vi å få til ved å kombinere prosjektskriving med utplassering i bedrift, og ved at representantar frå næringslivet kan gi ny og oppdatert kunnskap til studentane gjennom gjesteforelesingar på skolen. Dette er tema som vil bli diskutert under møtet, seier Kvarsvik.

Attraktiv studiestad

Rektor ved fagskolen Marit Bjerkestrand er glad for at fagskolestyret har sagt ja til å starte opp dette tilbodet og seier at målet er studiet skal vere søkbart og kome i gong allereie komande skoleår.

-Vi er sikre på at dette utdanningstilbodet gir ei kompetanse som er særs attraktiv både for det regionale og det nasjonale næringslivet, seier Bjerkestrand.