Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Tar ansvar for å tilby læreplassar i maritime fag

Kontaktpersonar

Ola Ivar Eikebø Ola Ivar Eikebø
Rådgivar
71 28 03 94 /
Mob. 950 65 486
Send e-post

Tar ansvar for å tilby læreplassar i maritime fag

Tidelegare var det ei utfordring å få nok søkarar til matros og motormannfag, og dei seinare åra har det vore ein vanskeleg marknad for offshorenæringa.

Bilde av styreleder Kåre Gunnar Molvær som til dagleg er Mannskapssjef  i  Sølvtransv Rederi AS og dagleg leiar i Maritimt Opplæringskontor Nordvest Torunn Lied Giske

Styreleiar Kåre Gunnar Molvær (til dagleg mannskapssjef i Sølvtrans Rederi AS) og Torunn Lied Giske, dagleg leiar i Maritimt Opplæringskontor Nord Vest.

Dette har ført til at det har vore krevjande å stå fram som ein påliteleg tilbydar av opplæring, for dei som skal velje utdanning. Opplæringskontoret for Maritime fag Nordvest, saman med reiarlaga, har vore oppteken av denne utfordringa. Resultatet er at dei har nådd målet om å gi tilbod om læreplass til alle kvalifiserte søkarar.

Om lag 80 % av dei som gjennomførte opplæringa med fagbrev, gjekk vidare til høgare nautisk eller maskinutdanning. Etter fullført opplæring og vidareutdanning, vil dei blir rekruttert til offiserstillingar i medlemsreiarlaga til Maritime fag Nordvest. 

Bilde av signering av lærekontraktar Maritime fag 2017

Årets lærlingar er i ferd med å signere lærekontrakt.