Oppfølgingstenesta

Oppfølgingstenesta (OT) i Møre og Romsdal

Oppfølgingstenesta er eit tilbod til ungdom som ikkje er i opplæring eller i arbeid.

Alle fylker skal ha ei oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til opplæring og som ikkje er i opplæring eller arbeid. Tenesta gjeld til og med det året dei fyller 21 år. Tenesta omfattar også ungdom som har tapt opplæringsretten etter § 3-8 eller  § 4-6. Departementet har gitt forskrift om oppgåvene til Oppfølgingstenesta:

Formål
Formålet med oppfølgingstenesta er å sørgje for at all ungdom som tilhører målgruppa får tilbod om opplæring, arbeid eller anna sysselsetting. Tilbod som blir formidla gjennom oppfølgingstenesta, skal primært ta sikte på å føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller delkompetanse innanfor vidaregåande opplæring.

Målgruppe
Målgruppa for oppfølgingstenesta er ungdom som er omfatta av den lovefesta retten til vidaregåande opplæring, og som det aktuelle skoleåret
* ikkje har søkt eller teke imot elev- eller læreplass eller
* avbryt slik opplæring, eller
* ikkje er i varig arbeid, eller
* har tapt retten som følgje av vedtak om bortvising eller som følgje av vedtak om heving av lærekontrakt

Oppgåver
Fylkeskommunen skal gjennom oppfølgingstenesta sørgje for
* å ha oversikt over målgruppa definert i forskrifta § 13-2
* at det blir teke kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa
* at alle i målgruppa får tilbod om rettliing
* at alle i målgruppa for tilbod i samsvar med forskrifta §13-1
* å ha oversikt over aktuelle tilbod for målgruppa
* å følgje opp ungdom som har teke imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta

Ungdom i målgruppa som ikkje tek imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta, og som ikkje er i utdanning eller arbeid, skal kontaktast og givast tilbod kvart skoleår så lenge dei er omfatta av den lovfesta retten til vidaregåande opplæring.
Registrering av ungdom som tilhører oppfølgingstenesta sitt ansvarsområde og som tenesta formidlar tilbod til, skjer gjennom heile året.

Samarbeid og samordning
Oppfølgingstenesta skal sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa, og formidle, eventuelt samordne, tilbod frå ulike instansar. Aktuelle instansar for samarbeid vil særleg vere grunnskolane og dei vidaregåande skolane og rådgiverane ved desse, den pedagogisk-psykologiske tenesta, opplæringsadministrasjonen i fylkekommunen, arbeidsmarknadsetaten og sosial- og helseetaten.
Møre og Romsdal fylke har hatt ein gjennomgang av korleis vi ønskjer at oppfølgingstenesta vår skal arbeide.  Dette for å gi best moglege tenester til ungdom og foreldre, og for at samarbeidet med skolar og kommunar skal bli best mogleg. Innhald og organisering  av OT var oppe i fylkestinget i juni 2008. Sjå vedlagte dokument .

Kontaktpersonar

Tove Marø
Rådgivar
Tlf. 71 25 87 90
Send e-post

Dokument

OT-sak til fylkesting
DOC-dokument - 216,00 kB
OT-brosjyre 2010
PDF-dokument - 1,65 MB
Samarbeidsavtale OT og NAV
PDF-dokument - 33,73 kB