Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Prøvenemnder

Møre og Romsdal fylkeskommune, Utdanningsavdelinga, har med heimel i Opplæringslova § 4-8 oppnemnd nye prøvenemnder for perioden 01.01.2016 – 31.12.2019.

imagesCATZ3O23
 
pass_fail

Opplæringslova regulerer rettar og plikter til prøvenemndene. Jf. opplæringslova § 12-7:
“Den som blir oppnemnd eller vald som medlem av organet for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa, av faglege råd, av prøvenemnder eller klagenemnder, er pliktig til å ta imot vervet. Medlemmer kan likevel krevje seg fritekne for ny oppnemning i like lang tid som dei har gjort samanhengande teneste. Den som har fylt seksti år, kan krevje seg friteken.”

Arbeidsmiljølova §12-13 slår fast at Arbeidstaker har rett til permisjon fra arbeid i det omfang det er nødvendig for å oppfylle lovbestemt møteplikt i offentlige organer.

Prøvenemndene sit i eit offentleg verv og har eit viktig ansvar i fag- og yrkesopplæringa gjennom å kvalitetssikre den avsluttande fag-/sveine-/kompetanseprøva. Eit medlem av prøvenemnda skal sette seg godt inn i læreplanar og retningsliner for faget. Nemnda er eit forvaltningsorgan med krav til habilitet og teieplikt etter Forvaltningslova.


Nytt omslagark for dokumentasjon av fag-/sveineprøve

Prøvenemnder som i det siste har fått oversendt oppmeldingar til fag-/sveineprøve,  har sikkert registrert at dei no også har fått tilsendt eit omslagark i A3-format.

Les meir