Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Praksiskandidat

Fagbrev som vaksen, Praksiskandidat

Ein praksiskandidat er ein vaksen som tek sikte på fag- eller sveinebrev uten å være elev eller lærling.

Før ein kan gå opp til den praktiske prøva, må ein dokumentere både tilstrekkeleg praksis i faget samt bestå ein eigen teorieksamen. For spørsmål om eksamen eller fagkodar, kontakt eksamen@mrfylke.no.

Du kan laste ned eit skjema som du finn i høgremargen til hjelp for å rekne ut praksisen din. Merk:

Skjemaet er ei PDF-fil som kun virkar på PC og med Adobe Reader.

Utenlandske statsborgarar som ikkje er folkeregistrert i Noreg må garantere for prøvekostnad ved oppmelding. Kostnaden er per dato kr 12.000,-.

Praksis

Praksiskandidatordningen gjeld for vaksne som har minst 5 års allsidig praksis innafor eit fag. 

Sjå i læreplana om praksisen du har er i høve kompetansemåla i faget.

Praksis må være 25% lenger enn læretida i faget. I dei fleste faga vil det seie 5 år i 100% stilling. I nokre fag er det 5 år og 7 månader.

Praksis må dokumenterast med blant anna attestar frå arbeidsgjevar. Les meir her

Krav til attestar:

                Navn, fødselsdato

                Ansatt frå/til dato

                Stillingsprosent/antall timar

                Arbeidsted/ avdelingar

                Beskrivelse av arbeidsoppgåver

Teorieksamen

Praksiskandidatar må før dei melder seg opp til fag- eller sveineprøve, ha bestått ein eigen eksamen . Fagkoden finn du her.

Oppmeldinga skal skje på privatistweb.no

Teorieksamen vert arrangert av vidaregåande skolar i fylket.

For våreksamen kan du melde deg opp mellom 1. januar og 1. februar, og for hausteksamen mellom 15. august og 15. september.

Frist for oppmelding til teorieksamen blir også kunngjort i dagspressa.

Du kan øve deg på tidlegare gitte eksamensoppgåver . Oppgåvene er
passordbeskytta. Passordet får du ved å kontakte ein vidaregåande skole eller utdanningsavdelinga tlf. 71 25 80 00  eller send e-post til eksamen@mrfylke.no 

Oppmelding til praktisk prøve, sjølve fag/sveineprøva

Etter at tverrfagleg eksamen er bestått, melder du deg opp til fag/sveineprøva. Oppmeldingskjema og giro for prøveavgift finn du i margen til høgre på sida. Du kan få fagprøva særskilt tilrettelagt etter søknad. Skjema finn du i høgremargen.

Send inn til utdanningsavdelinga i fylkeskommunen der du har folkeregistrert adresse:

- Utfylt oppmeldingskjema 

- Kvittering på betalt prøveavgift 

- Attesterte kopiar av attester og vitnemål

For oppmelding til første gongs fag-/sveineprøve er avgifta for tida kr 902,-.

Stryk du første gong og vil prøve igjen må du vente 6 månader.

Du må sende inn ny oppmelding og betale ny avgift som no aukar til kr 1806,-

Kontonummer: 4212 07 70300

Prøvenemnda

Blir oppmeldinga di godkjent vil du få eit brev frå Fylkeskommunen der vi ber deg ta kontakt med leiar i prøvenemnda for å avtale tid og stad for fag/sveineprøva.

Kontaktinformasjon til leiar står i brevet.

 

Fag/sveineprøve for personar som ikkje er folkergistrert i Noreg

Personer som er tilsette i bedrifter i Møre og Romsdal, men som ikkje er folkeregistrert i Noreg, kan melde seg opp til fag/svenneprøve og få utstedt fag/svennebrev i Møre og Romsdal.

Kandidatane er underlagt same krav som andre Praksiskandidatar i høve teori- og praksiskrav, slik det går fram i §3-5 i Opplæringslova og §3-55 i Forskrift til Opplæringslova.

Kandidatane må garantere for prøvekostnad ved oppmelding. Kostnaden er per dato kr 12.000,-.

 

 

 

Kontaktpersonar

Inger Sjømæling Inger Sjømæling
Seksjonsleiar
71 28 03 88 /
Mob. 996 22 025
Send e-post