Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Særskilt tilrettelegging

Dersom du har behov eller vanskar/funksjonshemningar som gjør det naudsynt med særskilt tilrettelegging av eksamen, har du krav på det i følgje forskrift til Opplæringsloven § 3-32

help

Du kan søke om tilrettelegging ved å sende søknadsskjema til eksamensskolen. Søknadsskjemaet må være vedlagt ein sakkyndig uttale som tydelig anbefaler innhaldet i den særskilte tilrettelegginga.

Frist for innsending av søknadsskjema og stadfesting er 30. september for hausteksamen og 15. februar for våreksamen. Du vil i god tid før eksamen få svar på om tilrettelegginga er godkjend. På eksamensdagen må denne godkjenninga takast med og førevisast eksamensvakta.

Særskilt tilrettelegging kan vere:

  • høve til å ta mange pausar
  • tilgang til kvilerom
  • eigen assistent
  • forlenga tid på eksamen
  • få eksamensoppgåva lest opp på førehand
  • tilgang til eiget rom
  • kombinasjon av skriftleg og munnleg eksamen (i staden for skriftleg) i nokre fag

Tilrettelegginga skal være egna til å utlikne kandidatens dokumenterte vanskar, men de skal ikkje være så omfattande at de gir fordeler i forhold til kandidatar som ikkje har tilsvarande tilrettelegging.

Dersom du har spørsmål om særskilt tilrettelegging av eksamen, ta kontakt med eksamensskolen du har meldt deg opp på.