Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: https://pixabay.com/static/uploads/photo/2014/02/01/17/29/apple-256266__180.jpg

Vaksenopplæring

Rett til vaksenopplæring gjeld for personar som ikkje har fullført  vidaregåande opplæring. Retten trer i kraft frå og med det året dei fyller 25 år.

Fagbrev som vaksen?

Er du vaksen og ønsker å ta fagbrev finn du meir informasjon om dette under punktet Praksiskandidat.

Vaksne har lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Rett til vaksenopplæring gjeld for deg som ikkje har fullført  vidaregåande opplæring. Retten trer i kraft frå og med det året du fyller 25 år (§4A-3 i opplæringslova).

Du har fullført vidaregåande opplæring når:

  • du har fullført tre års vidaregåande opplæring,
  • har studiekompetanse, fag- eller sveinebrev eller
  • anna yrkeskompetanse.

Dersom du har gjennomført tre års opplæring, men ikkje bestått i eit eller fleire fag, har du ikkje rett til vidaregåande opplæring.

Du må søke om vaksenretten på vigo.no.

Meir informasjon kan du få ved å kontakte næraste vidaregåande skole sitt ressurssenter.

Kontakt ressurssenteret ved næraste vidaregåande skole
Dei vidaregåande skulane i fylket har ressurssenter som har ansvar for å informere om vaksenretten, realkompetansevurdering og vaksenopplæringstilboda lokalt.

Ressurssenteret tilbyr følgjande:

  • tek i mot og behandlar din søknad om vaksenrett frå vigo.no,
  • tilbyr realkompetansevurdering, og
  • tilpassar eit opplæringstilbod til ditt behov.

Realkompetansevurdering

Med realkompetanse betyr den samla kompetansen ein person har frå praksis og utdanning gjennom heile livet.

Realkompetansevurderinga skal vere ei kartlegging av samla kompetanse frå arbeid, utdanning og samfunnsdeltaking i høve til ei læreplan i vidaregåande opplæring.

Du har rett på dokumentasjon av godkjent kompetanse i eit kompetansebevis.

Korleis foregår vurderinga?

Kartlegging av realkompetansen vil skje gjennom samtale, eigenvurdering og vurdering av tilsendt dokumentasjon for tidlegare utdanning og praksis i høve til læreplanen i aktuelt fag.

Kven har rett på å realkompetansevurdering?

Har du vaksenrett? Eller har du blitt tilvist frå NAV, kommune eller trygdeetaten? Da har du rett til å få realkompetansen din vurdert  i høve til læreplanane på nivå i vidaregåande skule. I det siste høvet skal den instansen som tilviste dekke utgiftene.

Har du ikkje vaksenrett? Da kan du få realkompetansevurdering ved å dekke kostnadene til dette sjølv.  

Tilbodet skal vere tilpassa behovet til den vaksne 

Opplæringa for vaksne skal vere fleksibel og tilpassa behovet til enkelte med omsyn til omfang, tid og stad. Kursa er gjerne komprimerte i forhold til tilboda i ordinær opplæring, og avkorta i høve til din dokumenterte realkompetanse i den aktuelle læreplanen.

Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Dei fleste vaksenopplæringstilboda er på kveldstid, men nokre ressurssenter har og tilbod på dagtid.

Digitale læremidla – nettstøtta opplæring
Vaksne kan ha behov for opplæringstilbod som ikkje krev fysisk oppmøte kvar veke gjennom heile kurset. Det kan vere aktuelt med samlingar kombinert med innleveringar og rettleiing på internett. Dei vidaregåande skulane nyttar Fronter som digital læringsplattform, og du kan be skulen/ressurssenteret om å legge til rette for at du kan nytte digitale læremidlar i opplæringa.

Korleis søke til vaksenopplæring?
Vaksne skal søke inn på vigo.no om  vaksenrett etter § 4A-3. 

Velg fana Voksenopplæring/ realkompetansevurdering 

Vaksne kan og søke ordinær vidaregåande skole ved å søke inntak innan 1.mars (ordinært inntak). Inntak kan skje på grunnlag av søkjarens realkompetanse,(inntak på høgare nivå enn VG1).

Ved inntak på VG1-nivå må ein konkurrere på karaktergrunnlaget sitt, på lik linje med ungdom. Ein står då etter ungdom med rett i inntaksrangeringa.

Rett til vurdering med standpunktkarakterar
Vaksne som følgjer vidaregåande opplæring som fylkeskommunen har ansvaret for, har rett til vurdering i dei faga som dei følgjer og avsluttar opplæringa i.

Grunnlaget for vurdering med standpunktkarakter i faga er kompetansemåla i faga slik dei er fastsette i læreplanane i Kunnskapsløftet.

Fylkeskommunen kan anten tilby opplæring med standpunktkarakterar eller støttekurs som førebuing til privatisteksamen, etter kva den vaksne ønsker. Kontakt ressurssentra for meir informasjon om tilboda, og korleis dei vil bruke realkompetansevurdering som grunnlag for å tilby opplæring etter ditt behov.

Vaksne som er tatt inn på eit opplæringstilbod har rett til å fullføre opplæringa. Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter §4A-3 førte ledd. Det er ikkje gitt føresegner om frist for når fullføringsretten skal bli innfridd.

Klagerett
Om du ikkje får innvilga vaksenrett etter §4A-3 i Opplæringslova, kan du klage på dette. Klagen rettast til utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke.

Vaksne utan rett har ikkje rett til gratis opplæring. Dei kan likevel bli tatt inn i opplæringstilbod for vaksne dersom det er ledig plass. Då får dei fullføringsrett. Dei kan og søkje om ordinært inntak i vidaregåande opplæring etter §3-1 i Opplæringslova.

Ved inntak blir vaksne rangert etter unge med rett og vaksne med rett. Det er og klagerett på realkompetansevurderinga og opplæringstilbodet. Denne klagen skal og sendast utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Det er Fylkesmannen som handsamar desse klagene.

Kontaktpersonar

Inger Lise Trønningsdal Inger Lise Trønningsdal
Rådgivar
71 28 03 78 /
Mob. 900 52 902
Send e-post