Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ny rektor ved Fagskolen i Ålesund

Alf Gunnar Furland (51) er tilsett som rektor ved Fagskolen i Ålesund, og tek til i stillinga 01.08.11.

Alf Furland er ny rektor ved fagskolen i Ålesund.

- Fagskolen er ein spennande arbeidsplass der det skjer mykje for tida. Å få vere med å vidareutvikle skolen saman med dyktige tilsette og engasjerte studentar er noko eg ser fram til! Skolen ligg i ein region med eit spennande næringsliv og eit sterkt høgskolemiljø. Å få knytte skolen tettare opp mot desse miljøa er ei av fleire sentrale utfordringar det skal bli kjekt å ta tak i. Dette vert både utfordrande og spennande, seier Alf Gunnar Furland

Furland har høgare utdanning frå Møre og Romsdal Distriktshøgskole i 1981 og med økonomisk- administrativ utdanning og vart høgskolekandidat i 1983. Han starta opp i lærarstilling ved Ålesund videregående skole same år og tok deretter pedagogisk utdanning. Etter to år som lærar gjennomførte Furland vidareutdanning for lærarar innafor fiskeribiologiske og fiskeriøkonomiske fag. Seinare har han teke forskjellig vidareutdanning, mellom anna i skoleleiing.

Alf Furland har arbeidd som lærar i vidaregåande skole i fleire periodar og har arbeidd som konsulent i Fiskeridirektoratet og i Sunnmøre Politidistrikt. Furland har vore kontorsjef/ass. direktør i Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag gjennom mange år. Frå 2007 har han vore tilsett ved Borgund vidaregåande skole, der han dette siste skoleåret har vore avdleingsleiar ved avdelinga for teknikk og industriell produksjon.

Furland tek til i stillinga som rektor ved Fagskolen i Ålesund 01.08.11.

Kontaktpersonar

Per W. Hoem Per W. Hoem
Fylkesutdanningssjef
71 25 87 85
Send e-post
Alf Gunnar Furland Alf Gunnar Furland
Rektor
70 16 17 14 /
Mob. 913 56 295
Send e-post