Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Vedtekter

Vedtekter for ungdommens fylkesting (UFT) i Møre og Romsdal

§ 1 Føremål

1.1
Ungdommens fylkesting er oppretta etter vedtak i fylkestinget i Møre og Romsdal sak T-78/02.

1.2
Gjennom ungdommens fylkesting skal ungdom i Møre og Romsdal ha reell medverknad, påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke ungdommar sitt samfunnsengasjement og bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar. Ungdommens fylkesting skal vere eit høyrings- og rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune.

§ 2 Om ungdommens fylkesting

2.1
Ungdommens fylkesting :

  • skal ha ein årsmøtefunksjon ovanfor ungdomspanelet. Ungdomspanelet leverer årsrapport om sitt arbeid til ungdommens fylkesting.
  • vel medlemmar til ungdomspanelet.
  • vedtek eit handlingsprogram om kva saker ungdomspanelet skal jobbe med det kommande året. Dette er det øvste styringsdokumentet.
  • skal vere partipolitisk nøytralt. Delegatane representerer kommunen sin og ikkje eit politisk parti.
  • er ope for alle.
  • skal vere rusfritt.

§ 3 Samansetning

3.1
Kommunane i Møre og Romsdal blir invitert til å sende to delegatar til ungdommens fylkesting og til å nemne opp to personlege varadelegatar.

3.2
Delegatane skal bli valde frå ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre. I kommunar som ikkje har ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre bør kommunen sende to delegatar frå kommunen sine elevråd eller frivillige organisasjonar.

3.3
Ungdommens fylkesting skal bestå av ungdom mellom 13 til 23 år med folkeregistrert adresse i Møre og Romsdal.

3.4
Ungdommens fylkesting skal så langt det er råd ha kjønnsbalanse jf. likestillingslova § 13. Kommunane skal sende ein gut og ei jente. Ein bør forsøke å rekruttere ungdom med minoritetsbakgrunn.

3.5
Ungdomspanelet kan invitere relevante organisasjonar/personar til ungdommens fylkesting.

§ 4 Møte

4.1
Ungdommens fylkesting har ordinært møte ein gong i året og møtet bør arrangerast i starten av november.
4.2
Dersom ungdomspanelet finn det nødvendig, og får det godkjent av fylkesordførar, kan dei kalle inn til ekstraordinært ungdommens fylkesting.

4.3
Ungdomsråd og alle mellom 13 – 23 år kan melde inn forslag til saker av regional betyding til ungdommens fylkesting. Sakene må meldast inn til ungdomspanelet seinast fem veker før ungdommens fylkesting.

4.4
Ungdomspanelet kunngjer ungdommens fylkesting, og sakspapira blir sendt ut og publisert på fylkeskommunen si heimeside seinast 3 veker før ungdommens fylkesting skal arrangerast.

4.5
Ungdomspanelet innstiller til val av møteleiar, som så blir godkjent av ungdommens fylkesting. Det kan vere ein eller fleire personar som er politisk valde utsendingar, representantar frå administrasjonen eller ein annan som ungdomspanelet føreslår.

4.6
Det skal vere politisk og administrativ representasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune under ungdommens fylkesting.

4.7
Ungdomspanelet sine medlemmar har tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett under ungdommens fylkesting. Dei kan dermed ikkje vere kommunerepresentantar. Leiar og nestleiar i ungdomspanelet har både stemme-, tale- og forslagsrett.

4.8
Delegatar på ungdommens fylkesting har røyste-, tale- og forslagsrett under ungdommens fylkesting, med mindre ho/han er inhabil gjeld reglane i forvaltningslova kap. II og kommunelova § 40, nr. 3. Alle delegatar pliktar å røyste.

4.9
Vedtak blir gjort med alminneleg fleirtal. Ved likt tal på stemmer er leiaren i ungdomspanelet si stemme avgjerande jf. kommunelova § 35 1. ledd. Dette gjeld ikkje val. Ungdommens fylkesting er vedtaksfør når minst halvparten av delegatane er tilstade.

4.10
Dersom ein delegat frå ungdommens fylkesting skal forlate salen, må han eller ho søke om permisjon gjennom møteleiar. Det er ungdommens fylkesting som avgjer om permisjonen blir innvilga eller avvist.

4.11
Det skal førast møteprotokoll frå ungdommens fylkesting. Protokollen blir sendt til alle delegatar, og blir publisert på heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune.

4.12
Ungdom som deltek på ungdommens fylkesting skal få nødvendig opplæring.

§ 5 Val av nytt ungdomspanel

5.1
Ungdommens fylkesting vel ni medlemmar og fem varamedlemmar til ungdomspanelet. Ungdomspanelet skal bli valt frå representantane på ungdommens fylkesting og det sittande ungdomspanelet. Alle dei tre regionane skal vere representert, og det skal vere kjønnsbalanse jf. likestillingslova § 13. Det bør vere ei balansert samansetting frå by og land.
5.2
Ungdomspanelet skal vere partipolitisk nøytralt. Leiar og nestleiar kan i lys av dette ikkje ha verv i partipolitiske organ på fylkesnivå. Dette bør også være ei norm for dei resterande medlemmane i panelet.
5.3
Ungdomspanelet skal bestå av ungdom mellom 15 og 23 år med folkeregistrert adresse i fylket, i den aktuelle valperioden.
5.4
Under ungdommens fylkesting vil valkomiteen sin leiar gjere greie for komiteen sitt arbeid og innstilling. Deretter vil det bli opna for benkingar. Ein må oppgi kva kandidat ein stiller imot. Før avstemming vil det bli gitt høve til valtalar for dei innstilte kandidatane, og dei som eventuelt har blitt benka. For øvrige bestemmingar, sjå i forretningsorden for ungdommens fylkesting.
5.5
Medlemmane blir valt for to år, og halvparten er på val kvart år. Leiar og nestleiar blir valt kvart år. Varamedlemmane blir valt for eitt år. Melder eit medlem forfall, blir varamedlemmane kalla inn etter rekkefølge.
5.6
Vedtak ved personval blir gjort med alminneleg fleirtal. Dersom stemmetalet er likt, skal det haldast ny avstemming. Den som får flest stemmer etter den nye avstemminga, er valt. Dersom stemmetalet framleis er likt etter den nye avstemminga, blir valet avgjort ved loddtrekning, jf. kommunelova § 38.

§ 6 Økonomi og administrasjon

6.1
Møre og Romsdal fylkeskommune sett av økonomiske midlar til ungdommens fylkesting og sørger for nødvendig personell for å gjennomføring av tingsamlinga.

6.2
Kost og losji for delegatane på ungdommens fylkesting blir dekt av Møre og Romsdal fylkeskommune. Reisekostnadar blir dekt tilsvarande prisen for FRAM Ung – periodebillett ungdom.

§ 7 Endring av vedtekter

Fylkestinget i Møre og Romsdal har mynde til å endre vedtektene for ungdomspanelet. Vedtektene kan likevel berre bli endra etter framlegg frå ungdommens fylkesting og/eller ungdomspanelet.