Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Vedtekter

Vedtekter bannerbilde

Vedteke av fylkestinget i møte 22.03.2010, sak T-11/10 (U-32/10).

§ 1 Heimelsgrunnlag og formål

1.1 Ungdommens fylkesting og ungdomspanelet er oppretta etter vedtak av fylkestinget i Møre og Romsdal i sak T-78/02.

1.2 Gjennom ungdommens fylkesting og ungdomspanelet skal ungdom i Møre og Romsdal ha reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdomens samfunnsengasjement. Vidare skal ungdommens fylkesting og ungdomspanelet stimulere til politiske engasjement samt få opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.

1.3 Ungdommens fylkesting og ungdomspanelet skal vere eit høyrings- og rådgjevande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune og alle dei politiske organa.

1.4 Ungdommens fylkesting og ungdomspanelet kan sjølve ta opp saker dei ønskjer fremma med administrasjonen og/eller politiske organ i fylkeskommunen.

§ 2 Ungdommens fylkesting

2.1 Ungdommens fylkesting skal vere partipolitisk nøytralt. Representantane representerer kommunen sin og ikkje eit politisk parti.

2.2 Ungdommens fylkesting sine møte er opne for alle som er interessert.

2.3 Ungdommens fylkesting skal ha ein årsmøtefunksjon ovanfor ungdomspanelet, der ungdomspanelet rapporterer til ungdommens fylkesting om sitt arbeid. Ungdommens fylkesting lagar eit handlingsprogram for kva saker ungdomspanelet skal arbeide med det kommande
året. Det er ungdommens fylkesting som vel representantar til ungdomspanelet.

2.4 Handlingsprogrammet er det øvste politiske dokumentet. Oppstår det konflikt mellom handlingsprogrammet og andre vedtak gjort i ungdommens fylkesting eller ungdomspanelet, gjelder handlingsprogrammet som ungdommens fylkesting og ungdomspanelet sin politikk.

Samansetting

2.5 Kvar kommune i Møre og Romsdal blir inviterte til å sende 2 frivillige og engasjerte representantar til ungdommens fylkesting og oppnemne 2 personlige vararepresentantar til desse. I tillegg deltek leiar eller nestleiar i ungdomspanelet med tale, forslag- og stemmerett. Dersom leiar eller nestleiar ikkje har høve til å møte vel ungdomspanelet eit anna medlem frå ungdomspanelet til å delta på like vilkår.

2.6 Representantane skal veljast frå ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre. I kommunar som ikkje har ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre bør kommunen sende 2 frivillige frå kommunen sine elevråd eller ungdomsorganisasjonar.

2.7 Ungdommens fylkesting skal bestå av ungdom mellom 13 og 23 år med tilknyting til fylket i den aktuelle valperioden.

2.8 Ungdommens fylkesting skal så lang som råd ha kjønnsbalanse slik likestillingslova krev, og det bør også rekrutterast ungdom med minoritetsbakgrunn. Kommunane blir oppfordra til å sende ein gut og ei jente.

2.9 For å sikre kontinuiteten bør representantane med vararepresentantar veljast for ein periode på to år, med utskifting slik at ein av representantane blir valt kvart år.

2.10 Ungdomspanelet kan invitere relevante organisasjonar/personar i samsvar med sakslista til ungdommens fylkesting.

Møte

2.11 Ungdommens fylkesting har ordinært møte ein gong i året og møte bør arrangerast i oktober/november.

2.12 Dersom ungdomspanelet finn det nødvendig kan dei innkalle til ekstraordinært ungdommens fylkesting.

2.13 Ungdomspanelet kallar inn til ungdommens fylkesting 2 månadar før ungdommens fylkesting skal arrangerast. Ungdomspanelet innstiller i saker til ungdommens fylkesting.

2.14 Ungdomsråd og alle mellom 13 og 23 år i fylke kan melde inn saker til ungdommens fylkesting. Saker skal meldast inn til ungdomspanelet seinast 5 veker før ungdommens fylkesting. Ungdomspanelet bør m.a. bruke media for å nå ut til ungdomane i fylket.

2.15 Sakspapira skal sendast ut til representantane seinast 3 veker før ungdommens fylkesting skal arrangerast.

2.16 Ungdomspanelet sine medlemer har tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett i ungdommens fylkesting og kan dermed ikkje vere kommunerepresentant på ungdommens fylkesting. Med unntak av leiaren i ungdomspanelet som har både stemme-, tale- og forslagsrett. Medlemer av ungdomspanelet kan heller ikkje vere kommunerepresentant.

2.17 Ungdom som deltek på ungdommens fylkesting skal få naudsynt opplæring.

2.18 Ungdommens fylkesting kan godkjenne tale- og forslagsrett til andre inviterte i enkeltsaker etter anbefaling frå Ungdomspanelet.

2.19 På Ungdommens fylkesting skal det alltid vere politisk og administrativ representasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

2.20 Ungdomspanelet innstiller til møteleiar som så godkjennast av ungdommens fylkesting. Det kan vere ein eller fleire personar som politisk valde utsendingar, representantar frå administrasjonen eller ein annan som ungdomspanelet føreslår.

2.21 Vedtak blir gjort med simpelt fleirtal. Ved stemmelikskap gjer leiaren av ungdomspanelet si røyst utslaget. Ungdommens fylkesting er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemane er tilstades.

2.22 Det skal setjast ned ei eiga valnemnd på ungdommens fylkesting samansatt av avtroppande medlem(er) av ungdomspanelet, representantar frå ungdommens fylkesting som ikkje stiller til val og ein person frå administrasjonen eller ein av dei politisk valde utsendingane frå fylkeskommunen. Ungdommens fylkesting skal ha minst halvparten av medlemene.

2.23 Deltaking i møter i ungdommens fylkesting/ungdomspanelet eller fylkeskommunale utval er å sjå som tillitsverv/politisk arbeid etter forskrift til Opplæringslova § 3-47 og vil ikkje bli ført som fråvær frå undervisning.

§ 3 Ungdomspanelet

3.1 Ungdomspanelet er ungdommens fylkesting sitt operative organ og skal følgje opp vedtak gjort i ungdommens fylkesting. I tillegg skal ungdomspanelet vere eit bindeledd mellom ungdom og Møre og Romsdal fylkeskommune.

3.2 Ungdomspanelet skal drive aktiv lobbyverksemd overfor politiske styresmakter.

3.3 Ungdomspanelet skal fordele ungdomsmidlane.

3.4 Ungdomspanelet skal arrangere ungdommens fylkesting og fremje ungdomspanelet og ungdommens fylkesting i media.

Samarbeid mellom ungdommens fylkesting, ungdomspanelet og lokale ungdomsråd

3.5 Ungdomspanelet skal ha jamleg og god kontakt med lokale ungdomsråd/ungdommens kommunestyre. Ungdomspanelet skal halde ungdomsråda oppdatert om aktuelle ungdomssaker i fylket og hjelpe ungdomsråd i vanskelige saker, ved oppstart og i eventuelle nedturar.

Samansetting

3.6 Ungdommens fylkesting vel 9 medlemer til ungdomspanelet. Medlemene av ungdomspanelet skal veljast frå representantane på ungdommens fylkesting og det sitjande Ungdomspanelet (faste medlemer og vara). Alle dei tre regionane bør vere representert. Det bør vere ei balansert samansetjing frå by og land, og kjønnsbalansen skal vere i høve til likestillingslova. Ungdomspanelet skal vere partipolitisk nøytralt.

3.7 Ungdomspanelet skal bestå av ungdom mellom 15 og 23 år som har tilknyting til fylket i den aktuelle valperioden. Representantane blir valde for to år, men halvparten vert skifta ut kvart år. Det blir i tillegg valt ei varamannsliste på 5 personar. Ved fråfall frå ein fast medlem av ungdomspanelet blir fyrst vara nummer 1 spurt om å stille, om ikkje vedkommande kan stille blir nummer 2 spurt osv.

3.8 På Ungdommens fylkesting blir det kvart år valt leiar og nestleiar for ungdomspanelet. I ekstraordinære høve kan ungdomspanelet konstituere ny leiar og nestleiar frå faste medlemer av ungdomspanelet.

3.9 Ungdomspanelet fordelar mellom sine medlemer ansvar for intern koordinering av si saksbehandling opp mot fylkeskommunen sine ulike avdelingar og politiske utval.

Møte

3.10 Ungdomspanelet bør ha sine møte samstundes med det ordinære fylkestinget, i tillegg til andre møte. Ungdomspanelet fastset sjølv møteplan.

3.11 Leiar for ungdomspanelet eller 1/3 av ungdomspanelet kan ved behov innkalle til ekstraordinære møte.

3.12 Vedtak blir gjort med simpelt fleirtal i ungdomspanelet. Ved stemmelikskap gjer møtestyraren si røyst utslaget. Det må vere minst fem medlemer til stades for at ungdomspanelet kan fatte vedtak.

3.13 Deltaking i møte i ungdomspanelet eller fylkeskommunale utval er å sjå som tillitsverv/politisk arbeid etter forskrift til opplæringslova § 3-47 og vil ikkje bli ført som fråvær frå undervisning.

§ 4 Økonomi og administrasjon

4.1 Møre og Romsdal fylkeskommune sørgjer for sekretær for ungdommens fylkesting og ungdomspanelet.

4.2 Det skal setjast av tilstrekkeleg med økonomiske midlar i økonomiplanen til ungdommens fylkesting, ungdomspanelet og ungdomsmidlane.

4.3 Reise- og møteutgifter blir dekka av Møre og Romsdal fylkeskommune dersom ikkje anna er særskilt bestemt.

§ 5 Godtgjersle

5.1 Medlemene i ungdomspanelet får dekt reise- og diettgodtgjersle etter statens regulativ og retningslinjer. Tapt arbeidsforteneste dekkjast, ved stadfesting frå arbeidsgjevar.

5.2 Medlemene i ungdomspanelet får møtegodtgjersle i samsvar med det til eikvar tid gjeldande fylkeskommunalt godtgjerslereglement.

5.3 Medlemene i ungdomspanelet får halv møtegodtgjersle når dei møter i hovudutvala.

§ 6 Rusmiddel

6.1 Alle møte og tilstellingar i ungdommens fylkesting og ungdomspanelet skal vere rusfrie under heile arrangementet.

§ 7 Endring av vedtekter

7.1 Fylkestinget i Møre og Romsdal har mynde til å endre vedtektene for ungdommens fylkesting og ungdomspanelet. Vedtektene kan likevel berre endrast etter framlegg av ungdommens fylkesting. Ungdomspanelet kan komme med forslag om vedtektsendringar.